Helgelandssykehuset
Resultatet for Helgelandssykehuset viser at ingen av 16 medhaldssaker blei funne att i avvikssystemet.
Ortopedi er det største området òg for Helgelandssykehuset, men talet saker er få, og dei er berre fordelte på tre medisinske område.
Det er ikkje registrert nokon dødsfall i sakene som har vore gjennomgått.
Ortopedisakene handlar om typiske nerveskadar, feilplassering av skruer, og feilstilling etter brotbehandling.
Sakene innan området fødselshjelp og kvinnesjukdom handlar om nerveskade pga. leiringsskade, skade på urinleiar ved fjerning av livmor og tap av eggstokk som følgje av forseinka diagnose av forstørra eggstokk. Den eine saka innan karsjukdomar dreier seg om feilmedisinering med Marevan ved blodpropp.
Ikkje funne att i avvikssystemet: Skade på radialisnerven i armen etter operasjon for bicepsseneruptur.
Ikkje funne att i avvikssystemet: Tekniske problem ved fjerning av livmor. Forlengt inngrep. Leiringsskade i beinet.