Nordlandssykehuset HF

Skriv ut 24. juni 2020

Resultatet for Nordlandssykehuset viser at 13 av 70 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 19 prosent, noko som er lågare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

Ortopedi skil seg ut med flest saker og lågast samsvarsdel. Delen er langt lågare enn den samla delen for alle helseføretaka på 13 prosent. Òg svulstar og kreft har ein lågare del enn den samla samsvarsdelen på 39 prosent.

Når det gjeld saker registrerte med dødsfall, er to av seks funne att i det lokale avvikssystemet. Men det er ikkje sikkert at det er naturleg at alle dei fire sakene skulle vore melde. Til dømes handlar ei av sakene om dødsfall i ventetid på hjarteutgreiing.

Innan området augesjukdomar er ingen av dei tre sakene funne att i avvikssystemet. To av sakene handlar om forseinka diagnostisering av netthinneløysing og den siste forseinka diagnose av akantamøbeinfeksjon. Forseinkingane har ført til redusert syn.

Den einaste ortopedisaka som er funne att gjeld fallskade. Sjå eksempel under. Ortopedisakene elles dreier seg hovudsakleg om skadar i samband med kirurgi. Til dømes nerveskadar, feilplassering av skruer og protesekomponentar eller feil storleik på protesekomponentar.

Funne att i avvikssystem: Fall i postoperativt forløp etter nakkeoperasjon. Skadde rygg og nakke.

Ikkje funne att i avvikssystem: Kneoperasjon pga. smerter og slitasje. Oppstod brotskade under inngrepet.