Universitetssykehuset i Nord-Norge HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Universitetssykehuset i Nord-Norge viser at 25 av 68 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 37 prosent, noko som er høgare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent. I utgangspunktet var fleire saker knytte til UNN med i undersøkinga, men på grunn av kommunikasjonsproblem måtte 30 av sakene fjernast frå undersøkinga.

image.png

Sidan ein del saker manglar, har sakene for UNN eit litt anna bilde enn dei andre sjukehusa. Mellom anna er ikkje ortopedi det største medisinske området, men vi har sett at halvparten av dei 30 sakene som ikkje er med, er innan ortopedi.

Når det gjeld saker registrerte med dødsfall, er åtte av tolv funne att i det lokale avvikssystemet.  Dei fire som ikkje er funne att er innan ymse medisinske område, og handlar om mellom anna mangelfull oppfølging av medisinering pga. rutinesvikt og hjartestans under lungekreftoperasjon.

Funne att i avvikssystem: Tre år forseinka diagnose av livmorhalskreft som følgje av feiltolking av fyrste celleprøve. Har ført til meir omfattande behandling.

Ikkje funne att i avvikssystem: Åtte månader forseinka diagnose av tjukktarmskreft med spreiing. Blei ikkje innkalla til kontroll som avtalt. Har ført til meir omfattande behandling og dårlegare prognose.