Akershus universitetssykehus HF

Skriv ut 24. juni 2020

Resultatet for Akershus universitetssykehus viser at 39 av 123 saker blei funne att i avvikssystemet. Samsvarsdelen er 32 prosent, noko som er like under den samla samsvardelen på 33 prosent. 

image.png

Samsvar mellom NPE saker og avvikssystem fordelt på medisinsk område

For det største medisinske området, ortopedi, er delen samsvar fem prosent. Samla for alle helseføretaka, er delen for ortopedi 13 prosent. For svulstar og kreft og gastrokirurgi er det høgare samsvarsdel på Akershus universitetssykehus enn samla sett. Høgast samsvar er det innan områda fødselshjelp og kvinnesjukdomar og infeksjonssjukdomar, men talet saker er få.

Innan områda føde med skade på barnet, nevrologi, psykiatri og lungesjukdomar, er det ikkje funne att nokon av NPE-sakene i det heile. Innan alle desse områda er det færre enn fem saker.  Dei fire fødselssakene som har fått medhald i NPE, handlar om alvorlege hjerneskadar og dødfødsel som følgje av svikt i behandlinga. To av psykiatrisakene handlar om dødsfall. Uavhengig av medisinsk område er det totalt seks av 17 saker registrerte med dødsfall som ikkje er funne att i avvikssystemet.

Funne att i avvikssystem: Tre år forseinka diagnose av høggradig forstadium til livmorhalskreft. Den fyrste celleprøven blei feiltolka. Trong for fjerning av livmor og lymfeknutar.

Ikkje funne  i avvikssystem: Rotasjonsfeilstilling i leggen etter operasjon av beinbrot.