Diakonhjemmet sykehus HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Diakonhjemmet sykehus viser at 8 av 24 saker blei funne att i avvikssystemet. Samsvaret er 33 prosent, noko som er likt med den samla samsvarsdelen.

Sjølv om det totalt sett er få saker, er det dei same tre områda som er størst. For Diakonhjemmet er delen samsvar noko høgare for ortopedi og gastrokirurgi, og noko lågare for svulstar og kreft. Innan revmatologi og psykiatri er det hundre prosent samsvar, men det er berre ei sak innan kvart område.

To av tre saker med registrert dødsfall er funne att i avvikssystemet. I den tredje saka er det to behandlingsstader som er inne i bildet. Saka kan difor vere registrert ved det andre sjukehuset.

Funne att i avvikssystem: Utvikla droppfot etter innsetjing av hofteprotese. Blei brukt for stort leddhovud. Førte til proteseluksasjon med nerveskade.

Ikkje funne att i avvikssystem: Under utgreiing for falltendens og forvirringstilstand. Fall frå senga og brakk lårhalsen. Trong for hofteprotese.