Lovisenberg diakonale sykehus HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Lovisenberg diakonale sykehus viser at 5 av 14 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 36 prosent, noko som er tre prosentpoeng høgare den samla samsvarsdelen.

image.png

Delen samsvar er lågast innan ortopedi, men delen er langt høgare enn gjennomsnittet for alle helseføretaka.

Ei av tre saker registrerte med dødsfall er funnen att i avvikssystemet. Saka som er funnen att er ei sjølvmordssak. To saker som handlar om dødsfall etter tapping av væske frå høvesvis bukhole og lungesekk, er ikkje funne att i sjukehuset sitt eige avvikssystem.

Funne att i avvikssystem: Fall i samband med mobilisering etter kneoperasjon. Kompresjon av ryggvirvel med påfølgjande smerter.

Ikkje funne att i avvikssystem: Nerveskade etter operasjon med innsetjing av kneprotese. Nedsett gangfunksjon.