Oslo universitetssykehus HF

Skriv ut 24. juni 2020

Resultatet for Oslo universitetssykehus viser at 73 av 156 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 47 prosent, noko som er høgare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent. Resultatet er det nest høgaste ved samanlikning av helseføretaka.

image.png

Òg for Oslo universitetssykehus skil ortopedi seg ut med den lågaste samsvarsdelen.  Samanlikna med gjennomsnittet for alle helseføretaka, er resultatet for OUS 5 prosentpoeng høgare.

For områda karsjukdomar, transplantasjon og augesjukdomar, har alle sakene blitt funne att i avvikssystemet, men det er få saker innan desse gruppene.

Seks av 22 saker der det er registrert dødsfall er ikkje funne att i avvikssystemet. Desse seks sakene er fordelte på fire ulike medisinske område; gastrokirurgi, hjartesjukdomar, ortopedi og svulstar og kreft.

Seks av åtte saker innan området nevrokirurgi er ikkje funne att i avvikssystemet. To av desse sakene handlar om overstrekk av blære pga. mangelfull oppfølging etter kirurgi.

Funne att i avvikssystem: Bløding i ryggmargskanal etter spinalpunksjon for å utgreie skjelvingar og ustøleik. Urinretensjon og paresar.

Ikkje funne att i avvikssystem: Ryggoperasjon med avstiving pga. skoliose. Fleire skruer feilplasserte og utanfor pediklane. Reoperasjon og forlengt sjukdomsforløp.