Sørlandet sykehus HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Sørlandet sykehus viser at 30 av 100 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 30 prosent, noko som er litt lågare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

For dei største medisinske områda, er delen samsvar for ortopedi omlag som den samla samsvarsdelen på 13 prosent, medan delen samsvar for svulstar og kreft og gastrokirurgi er noko lågare enn dei samla delane på høvesvis 39 og 50 prosent. For dei mindre medisinske områda er det stort sett større grad av samsvar.

Elleve saker er registrerte med dødsfall. Seks av desse er funne att i avvikssystemet, medan fem ikkje er det. Sakene som ikkje er funne att handlar om fosterdød, hjernebløding og dødsfall som følgje av prevensjonsmiddel, utskriving frå sjukehus med teikn på alvorleg bløding og to saker med forseinka kreftdiagnose.

Ei av tre fødselssaker med skade på barn er funne att i avvikssystemet. To av sakene handlar om fosterdød som følgje av forseinka forløysing. Berre ei av desse er i avvikssystemet. Den siste saka dreier seg om hjerneskade etter langvarig forløysing, og er altså heller ikkje funne att i avvikssystemet.

Funne att i avvikssystem: Skade på blodåre i knehasen ved innsetjing av kneprotese. Nerveskade under reoperasjon.

Ikkje funne att i avvikssystem: Skade på blodforsyninga ved operasjon for hammartå som følgje av for omfattande inngrep. Trong for amputasjon pga. vevsdød.