Sykehuset i Telemark HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Sykehuset Telemark viser at 18 av 75 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 24 prosent. Dette er noko lågare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

For dei største medisinske områda skil ortopedi seg ut med ein samsvarsdel på 4 prosent. Innanfor fleire av dei medisinske områda er det ikkje funne att nokon saker i det heile, men talet saker innan desse områda er få.

Det er registrert dødsfall i elleve av sakene. Fem av desse er ikkje funne att i avvikssystemet. Desse sakene er innan områda indremedisin, hjartesjukdom, psykiatri og svulstar og kreft.

Innan området fordøyingssjukdomar, er tre av fire saker funne att i avvikssystemet. Alle desse handlar om dødsfall. Saka som ikkje er funnen att handlar om forseinka diagnostisering av feilplassert PEG-sonde med påfølgjande vektnedgang og underernæring.

Funne att i avvikssystem: Perforert galleblære under operasjon for pankreatitt. Påfølgjande sepsis og nyresvikt.

Ikkje funne att i avvikssystem: Dødsfall pga. mangelfull diagnostisering av bløding etter angiografi