Sykehuset i Vestfold HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Sykehuset i Vestfold viser at 26 av 44 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 59 prosent, som er den høgaste samsvarsdelen ved samanlikning av helseføretaka.

image.png

Sjølv om samsvarsdelen for ortopedi ligg langt høgare enn totaldelen på 13 prosent, skil ortopedi seg ut med lågast del saman med karsjukdomar og hjartesjukdomar.

Fire av sju saker registrerte med dødsfall er ikkje funne att i avvikssystemet. To av dei er innan området hjartesjukdomar, ei gjeld gastrokirurgi og ei gjeld svulstar og kreft.

Funne att i avvikssystem: Fire veker forseinka diagnose av skulder ute av ledd. Skulle utført røntgenundersøking ut frå funn og skademåte. Trong for skulderprotese.

Ikkje funne att i avvikssystem: Cellegift pga. brystkreft. Cellegifta gjekk ut i vevet. Planlagd behandling kunne ikkje setjast i gang. Forkorta levetid med eitt år.