Sykehuset Innlandet HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Sykehuset Innlandet viser at 18 av 100 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 18 prosent. Dette er lågare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

Dei største områda ortopedi og svulstar og kreft, har ein samsvarsdel som er lågare enn den samla delen for alle helseføretaka. Innan områda hjartesjukdomar, hudsjukdomar, infeksjonssjukdomar og augesjukdomar, er det ikkje funne att nokon saker. Det er fullt samsvar innan områda anestesiologi, føde, lungesjukdomar og nevrologi, men innan desse fire siste områda er det berre ei sak per område.

To av sakene innan området hjartesjukdom som ikkje er funne att, handlar om feilmedisinering. I den eine saka er det forseinka konsentrasjonsmåling av Gentamycin mot endokarditt som førte til nyresvikt og skade på balansenerven som følgje av for høg dose over lengre tid. I den andre saka blei det blodfortynnande medikamentet Eliquis utegløymt på medisinliste ved utskriving. Dette førte til hjerneslag nokre veker seinare.

Det er totalt 13 saker der det er registrert dødsfall. Åtte av desse er ikkje funne att i avvikssystemet. Fem av dei åtte dreier seg om forseinka kreftdiagnostisering.

Funne att i avvikssystem: Operasjon for brokk. Behandla for navlebrokk i staden for brokk som sat noko høgare oppe. Skjemmande arr og trong for ny brokkoperasjon.

Ikkje funne att i avvikssystem: Utvikling av trykksår og nekrose på hælane etter brokkoperasjon. Langvarige plager med væskande sår.