Vestre Viken HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Vestre Viken viser at 44 av 110 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 40 prosent. Dette er noko høgare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

Òg for Vestre Viken skil det største området ortopedi seg ut med lågast samsvar mellom NPE-saker og det lokale avvikssystemet. Samanlikna med dei samla tala for alle helseføretaka, er likevel delen samsvar innan ortopedi og svulstar og kreft noko høgare, medan han er lågare for gastrokirurgi. Best samsvar er det innan områda psykiatri, nevrologi, endokrinologi og hjartesjukdomar, men talet saker er få.

Det er totalt 15 saker som er registrerte med dødsfall. Elleve av desse er funne att i avvikssystemet. Tre av sakene som ikkje er funne att er innan området svulstar og kreft. Den siste gjeld infeksjonssjukdomar.

Tre av fire fødselssaker med skade på barn er ikkje funne att i avvikssystemet. Desse handlar om pleksusskade, nyresvikt pga. forseinka keisarsnitt og hjerneskade pga. forseinka forløysing.

Seks av sju saker innan psykiatri er funne att i det lokale avvikssystemet. Alle desse sakene handlar om sjølvmord eller sjølvmordsforsøk. Saka som ikkje er funnen att handlar om skade på fleire tenner som følgje av anestesi under ECT-behandling.

Funne att i avvikssystem: Utoverrotasjon av ankel etter operasjon for leggbrot. Skulle kontrollert rotasjonsaksen i ankelen etter at margnaglen var på plass.

Ikkje funne att i avvikssystem: Feilrotasjon med trong for reoperasjon etter operasjon av lårbeinsbrot som blei stabilisert med margnagle og skruer.