Helse Bergen HF

Skriv ut 24. juni 2020

Resultatet for Helse Bergen viser at 38 av 111 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 34 prosent, noko som er litt høgare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

Samsvarsdelen for dei tre største medisinske områda, er omlag som den samla delen for alle helseføretaka. Òg for Helse Bergen skil ortopedi seg ut med lågast del samsvar.

For dei mindre medisinske områda er ingen av dei tre anestesisakene funne att i det lokale avvikssystemet, medan båe sakene innan nevrokirurgi finst i avvikssystemet. Anestesisakene er om manglande bruk av muskelavslappande med påfølgjande tannskade, nerveskade som følgje av epiduralt hematom som ikkje blei fjerna i tide og utvikling av refleksdystrofi ved skulderoperasjon.

Totalt 16 saker er registrerte med dødsfall. Fem av desse er ikkje funne att i avvikssystemet. Fire av sakene er innan området svulstar og kreft medan den siste er gastrokirurgi. To av kreftsakene handlar om forseinka diagnose, medan dei andre tre sakene er registrerte med dødsfall i samband med behandling på sjukehuset.

Funne att i avvikssystem: Innsetjing av stent pga. åreforkalking. Dødsfall pga. flengje i hovudpulsårene.

Ikkje funne att i avvikssystem: Planlagd operasjon med fjerning av galleblære. Utvikling av sepsis, organsvikt og dødsfall som følgje av tynntarmsperforasjon.