Helse Førde HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Helse Førde viser at 7 av 36 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 19 prosent, noko som er ein del lågare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

Òg for Helse Førde er det ortopedi som er det største området. Samsvarsdelen er noko lågare enn den samla delen for alle helseføretaka. Høgast samsvarsdel er det innan områda svulstar og kreft og psykiatri, men ingen delar er høgare enn 50 prosent.

Totalt er det fire saker som er registrerte med dødsfall. Tre av desse er funne att i det lokale avvikssystemet. Saka som ikkje er funne att handlar om sjølvmord, men problemstillinga er samarbeid mellom sjukehus og fastlege.

Ei av 15 ortopedisaker er funne att i avvikssystemet. Denne saka handlar om skade på leddskål ved innsetjing av hofteprotese. Fire av dei 14 sakene som ikkje er funne att er protesekirurgi. Mellom anna er det to saker om handproteser som har losna. Andre problemstillingar er nerveskadar, infeksjon og feilbehandling av brotskadar.

Funne att i avvikssystem: Gastroskopiundersøking pga. mistanke om kreft. Dødsfall fordi matrøyret rivna.

Ikkje funne att i avvikssystem: Operasjon med fjerning av galleblære. Klips blei feilaktig sett på gallegang i staden for blodåre. Reoperasjon og forlengt sjukdomsforløp.