Helse Stavanger HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Helse Stavanger viser at 24 av 62 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 39 prosent, noko som er høgare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

For dei største medisinske områda er det høgare samsvarsdel innan områda ortopedi og svulstar og kreft medan gastrokirurgi er lik den samla delen for alle helseføretaka. Men ortopedi skil seg uansett ut med lågast del samsvar saman med infeksjonssjukdomar og augesjukdomar.

Totalt er det registrert dødsfall i fem saker. Fire av desse er funne att i avvikssystemet. Saka som ikkje er i avvikssystemet handlar om manglande diagnostisering av hjernebetennelse.

Av ortopedisakene som ikkje er funne att i avvikssystemet, handlar over halvparten om behandling eller diagnostisering av skadar eller lidingar i hender eller fingrar.

Funne att i avvikssystem: Nerveskade pga. 4 dagar forseinka diagnose av skulder ute av ledd. Hadde store smerter og nedsett funksjon på innleggingsdag.

Ikkje funne att i avvikssystem: Påvist handleddsbrot, men ikkje brot i finger. Brotet var godt synleg på røntgen. 4 veker forseinka diagnose. Feilstilling og nedsett rørsle.