Resultat
Samla for alle helseføretaka
I resultatgjennomgangen vil vi fyrst vise ei samla oversikt før vi går til ei meir detaljert oversikt for det enkelte helseføretaket. Ved gjennomgang av kvart helseføretak, tek vi både med eksempel på saker som er funne att i avvikssystemet og saker som ikkje er det. Vi har valt ulike eksempel for å vise breidda i type skadar.
Tabellen under viser talet NPE-saker, talet av desse sakene som blei funne att hjå det enkelte helseføretaket, og funne att samsvarsprosenten mellom dei to.
Helseføretak |
Tal NPE-saker |
Tal i avvikssystem |
Samsvarprosent |
Akershus universitetssykehus |
123 |
39 |
32 % |
Diakonhjemmet sykehus |
24 |
8 |
33 % |
Lovisenberg diakonale sykehus |
14 |
5 |
36 % |
Oslo universitetssykehus |
156 |
73 |
47 % |
Sykehuset i Vestfold |
44 |
26 |
59 % |
Sykehuset i Telemark |
75 |
18 |
24 % |
Vestre Viken |
110 |
44 |
40 % |
Sykehuset Innlandet |
100 |
18 |
18 % |
Sørlandet sykehuset |
100 |
30 |
30 % |
Helse Bergen |
111 |
38 |
34 % |
Helse Stavanger |
62 |
24 |
39 % |
Helse Fonna |
54 |
15 |
28 % |
Helse Førde |
36 |
7 |
19 % |
Universitetssykehuset i Nord-Norge |
68 |
25 |
37 % |
Nordlandssykehuset |
70 |
13 |
19 % |
Helgelandssykehuset |
16 |
0 |
0 % |
Totalt |
1163 |
383 |
33 % |
Den totale samsvarsdelen er på 33 prosent. For det enkelte helseføretaket varierer delen frå 0 til 59 prosent. Det må understrekast at talet saker kan vere få for nokre av helseføretaka, og tilfeldige variasjonar kan spele ein rolle.
Tabellen og grafen under viser den samla fordelinga på medisinske område. «Ja» tyder at saka finst både i avvikssystemet og hjå NPE, «Nei» tyder at saka ikkje finst i avvikssystemet, berre hjå NPE. Dei tre største medisinske områda, ortopedi, svulstar og kreft og gastrokirurgi, utgjer til saman 65 prosent av sakene. Ortopedi åleine utgjer nesten 40 prosent.
Samsvarsdelen varierer frå 13 prosent for ortopedisakene til 67 prosent for psykiatri.
Medisinsk område |
Ja |
Nei |
Totalt |
Del |
Samsvarprosent |
Ortopedi |
55 |
379 |
434 |
37 % |
13 % |
Svulstar og kreft |
84 |
133 |
217 |
19 % |
39 % |
Gastrokirurgi |
51 |
52 |
103 |
9 % |
50 % |
Hjartesjukdomar |
23 |
30 |
53 |
5 % |
43 % |
Fødselshjelp/kvinnesjuk |
21 |
23 |
44 |
4 % |
51 % |
Infeksjonssjukdomar |
21 |
19 |
40 |
3 % |
53 % |
Karsjukdomar |
18 |
22 |
40 |
3 % |
46 % |
Psykiatri |
24 |
12 |
36 |
3 % |
67 % |
Nevrologi |
17 |
15 |
32 |
3 % |
53 % |
Fordøyingssjukdomar |
9 |
11 |
20 |
2 % |
45 % |
Føde (skade barn) |
6 |
13 |
19 |
2 % |
32 % |
Nevrokirurgi |
7 |
8 |
15 |
1 % |
47 % |
Anestesiologi |
6 |
7 |
13 |
1 % |
46 % |
Urologi |
5 |
8 |
13 |
1 % |
38 % |
Augesjukdomar |
4 |
8 |
12 |
1 % |
33 % |
Anna |
32 |
40 |
72 |
6 % |
44 % |
Totalt |
383 |
780 |
1163 |
100 % |
33 % |
Figuren viser talet saker fordelt på medisinsk område. Dei grå felta viser det totale talet NPE-saker, medan det grøne feltet viser delen av desse som blei funne att i dei lokale avvikssystema.