Erstatningssaker - behandla på feil stad på kroppen
Visste du at NPE har gitt medhald til 52 erstatningssøkjarar dei siste sju åra fordi dei blei behandla på feil stad på kroppen? Det er utbetalt i alt 21 millionar kroner i erstatning.
Behandlinga blei utført på ein annan stad på kroppen enn det som var planlagt og avtalt med erstatningssøkjarane. Over halvparten av sakene gjeld ortopedisk kirurgi.
Kvar på kroppen skjedde behandlinga?
Den største gruppa er ryggoperasjonar med 15 saker, der feil nivå i ryggen, eller feil side i eitt tilfelle, blei operert. Eksempel på andre ortopedisaker er operasjonar i feil kne (fire saker), feil knokkel eller tå i foten (tre), feil bein i handa (to), feil okle (ein), feil skulder (ein), feil nerve i låret (ein) og feil stad i hofta (ein).
I fem saker blei det utført operasjon på feil nivå i nakken.
Dei sju sakene som gjeld behandling av kreft med stråling og operasjonar på feil stad på kroppen omfattar hjerne, lunge, tarm, kjønnsorgan og ribbein.
Tanntrekking, boring eller fyllingsarbeid blei utført på ei anna tann enn den som var planlagd behandla i fem saker.
I dei resterande sju sakene dreier feilbehandlinga seg om auge, nerve, blodåre, navle og gallevegar.
Felles for ein del av sakene er at feilen ikkje blei oppdaga før det hadde gått ei tid, og erstatningssøkjarane framleis hadde dei same plagene som før inngrepet.
Kva følgjer fekk feilbehandlinga?
Det unødvendige inngrepet førte til at sjukdomsforløpet blei forlengd fordi erstatningssøkjarane måtte gjennom ei ny behandling av den delen av kroppen som skulle ha vore behandla i utgangspunktet.
Mange av erstatningssøkjarane hadde smerter og nedsett funksjon i perioden fram til feilen blei oppdaga, og operasjon på rett kroppsdel utført. Nokre fekk òg varige skadar, som nerveskadar med nedsett rørsle og vedvarande smerter.
Det er utbetalt i alt 21 millionar kroner i erstatning.