Erstatningssaker - blodfortynnande medikament
Visste du at NPE har utbetalt 76 millionar kroner i erstatning dei siste ti åra på grunn av feilmedisinering med blodfortynnande medikament? Utbetalingane er fordelte på 113 medhaldssaker.
Hovudgrunnane til feilmedisineringa er at
- medisinen ikkje blei gitt, eller blei gitt for seint (44 %)
- dosen var for høg eller for låg (25 %)
- medisinen blei gitt i for kort eller for lang tid (20 %)
- det var ikkje grunnlag for medisineringa (10 %)
Dei fleste sakene gjeld dei antitrombotiske legemidla Marevan, Klexane og Albyl-E. I 92 av dei 113 medhaldssakene var eit sjukehus ansvarleg for medisineringa, som regel i samband med kirurgiske inngrep.
Konsekvensar av feilmedisinering
Feilmedisineringa førte til hjerneslag, hjarteinfarkt og blodpropp i lungene eller beina/armane, ofte med varige lammingar. I 16 av dei 113 sakene fekk pårørande medhald for at erstatningssøkjarane døydde på grunn av feilmedisineringa.
Årsak til avslag
I alt 98 erstatningssøkjarar fekk avslag. Det er to årsaker til avslag:
- det har ikkje skjedd ein svikt i behandlinga, då medisineringa har vore i tråd med medisinsk praksis (60 %)
- det er ikkje samanheng mellom medisineringa og plagene til erstatningssøkjaren (40 %)