Erstatningssaker - diabetes

Visste du at NPE har behandla 149 diabetessaker dei siste ti åra? Svikt i behandlinga av følgjesjukdomar til diabetes står for halvparten av i alt 49 medhaldssaker.

 

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2020

Dei andre har fått medhald på grunn av svikt i diagnostikk, pleie og infeksjon. Så langt er det utbetalt 40 millionar kroner i tilknyting til medhaldssakene.

Medhald

Svikt i behandling, som er årsak til medhald i 26 saker, dreier seg om mangelfull oppfølging av følgjetilstandar som diabetessår og augekomplikasjonar. Diabetessår fekk utvikle seg til utbreidd infeksjon og vevsdød, som resulterte i amputasjon av tå, fot eller legg. Mangelfull behandling av augekomplikasjonar førte til nedsett syn eller ytterlegare forverring av synet. Det som går att i desse sakene er at erstatningssøkjaren ikkje blei tilvist vidare til spesialistar for vurdering, eller direkte til operasjon.

Svikt i diagnostikk er årsaka til medhald i tolv saker. Flesteparten gjeld forseinka diagnose av diabetes på grunn av blodprøvar som blei oversette, manglande oppfølging av høgt blodsukker, eller at andre symptom eller risikofaktorar ikkje blei følgde opp.

I sju av dei 49 sakene er det konkludert med at svikten førte til dødsfall.

Avslag

NPE har grunngjeve halvparten av dei i alt 100 avslaga med at det ikkje har vore ein svikt i behandlinga eller diagnostikken, då denne har vore i tråd med medisinsk praksis.

I den andre halvparten av sakene er grunngjevinga for avslag at det ikkje er sannsynleg samanheng mellom behandlinga og plagene til erstatningssøkjaren. Plagene skuldast sjølve diabetessjukdomen.