Erstatningssaker - diagnostisering av hjartesjukdom

Visste du at dei siste fem åra har NPE behandla 265 saker som handlar om diagnostisering av hjartesjukdom? 127 erstatningssøkjarar har fått medhald i kravet, noko som gir ein medhaldsdel på 48 prosent. Så langt er det utbetalt 101 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 30. oktober 2023

71 prosent av erstatningssøkjarane er menn, og den største aldersgruppa er mellom 50 og 59 år. Det er forskjellige typar hjartesjukdom som er forseinka diagnostisert. Dei vanlegaste er hjarteinfarkt, kronisk iskemisk hjartesjukdom og angina pectoris. Hjarteinfarkt utgjer 31 prosent av sakene.

Behandlingsstad

Somatiske sjukehus står for 43 prosent, fastlegeordninga 33 prosent, medan legevakta står for 18 prosent av sakene. Dei resterande er knytte til andre typar behandlingsstader.

Årsak til svikt i diagnostikk

Hyppigaste årsak til svikt i diagnostikk er at funn ikkje har blitt følgt opp eller at utgreiinga har vore mangelfull, at pasienten skulle vore innlagd på sjukehus tidlegare, at akutte symptom har blitt feiltolka, at prøvesvar har blitt feiltolka eller at undersøkingar ikkje har blitt rekvirerte.

I 59 av 127 medhaldssaker er det registrert dødsfall som følgje av forseinka diagnose. Andre følgjer er forverring av hjartelidinga, hjarteinfarkt eller hjartestans med gjenoppliving.

Årsak til avslag

80 prosent av avslagssakene er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk, og at diagnosen ikkje kunne vore stilt tidlegare ut frå symptom og funn. Dei siste 20 prosent er grunngjevne med at det ikkje er samanheng mellom diagnostiseringa og hevda skade. Det vil seie at diagnosen burde vore stilt tidlegare, men at forseinkinga ikkje har ført til skade.