Erstatningssaker - kneprotese
Visste du at NPE har behandla 322 kneprotesesaker dei siste fem åra? I desse sakene er det operert inn protese i kneet på grunn av artrose (slitasje).
178 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er så langt utbetalt 52 millionar kroner i erstatning. Dei fleste, det vil seie 65 prosent, har fått medhald på grunn av svikt i behandlinga.
Årsaker til svikt
Det er tre hovudårsaker til svikt i behandlinga; at det har blitt brukt feil storleik på protesekomponentar eller at desse har blitt feilplasserte, at det er brukt feil behandlingsteknikk/metode eller at det ikkje var grunnlag for proteseoperasjonen.
Typiske følgjer for erstatningssøkjarane er smerter, nedsett gangfunksjon og behov for ny operasjon. Infeksjon er grunngjeving i 25 prosent av medhaldssakene. I resten av sakene er unntaksregelen brukt. I desse sakene er det i hovudsak for tidleg losning av protesen som er problemstilling.
Grunngjeving for avslag
Det er to årsaker til at 144 erstatningssøkjarar har fått avslag. I 80 prosent er det konkludert med at det ikkje var svikt i behandlinga som blei utført, og at plagene i form av til dømes auka smerter og nedsett gangfunksjon er innanfor det som må aksepterast. Avslaga elles er grunngjevne med at det ikkje er årsakssamanheng mellom behandlinga og plagene, men at sjølve grunnlidinga er skuld i desse.