Erstatningssaker - leiringsskade

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 85 saker som handlar om skade etter feil liggjestilling under operasjon? Dette er òg kalla leiringsskadar. 62 av erstatningssøkjarane har fått medhald i kravet, og dei har totalt fått utbetalt 26 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 12. september 2019

Det er nokre fleire menn (55 prosent) enn kvinner (45 prosent) som har kravd erstatning, og gjennomsnittsalderen er 50 år. Dei aller fleste sakene er knytte til ortopedisk kirurgi, kirurgi i samband med kreft eller gastrokirurgi. Desse tre gruppene utgjer totalt 70 prosent av sakene.

Medhaldssakene

I medhaldssakene er det konkludert med svikt i behandlinga i form av manglande rørsle av armar eller bein, at polstringa ikkje har vore god nok eller at armar og bein er plasserte i ugunstige stillingar. Dette har ført til nerveskadar med påfølgjande smerter og nedsett funksjon. For nokre har skaden blitt varig. Om lag halvparten har fått nerveskade i skulder, arm eller hand. Den andre halvparten har fått nerveskade i hofte, lår, legg eller fot. Det spesielle med desse sakene er at skaden har skjedd i ein annan del av kroppen enn den som i utgangspunktet blei behandla.

Avslagssakene

I 14 av 23 avslagssaker, er det konkludert med at det ikkje har vore svikt i leiringa. Det vil seie at ein har gjort alle nødvendige tiltak for å unngå leiringsskade. At det likevel har oppstått skade, er ein komplikasjon som må aksepterast. I dei resterande 11 avslagssakene er det konkludert med at plagene ikkje har samanheng med leiringa fordi inngrepet var svært kort, at nerveskaden har oppstått ein stad som ikkje var påverka av leiringa eller at plagene oppstod lenge etter behandlinga.