Erstatningssaker - rotfylling
Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 537 tannsaker som handlar om rotfylling. 284 erstatningssøkjarar har fått medhald i kravet sitt, medan 253 har fått avslag. Det er utbetalt nesten 13 millionar kroner i erstatning. Dei vanlegaste erstatningssummane er mellom 10 000 og 40 000 kroner.
Det er fleire kvinner enn menn som har kravd erstatning. Kvinnedelen er på 61 prosent. Gjennomsnittleg alder på skadetidspunktet er 41 år for kvinner og 44 år for menn.
Rotfylling kan ha blitt utført på ei eller fleire tenner.
Medhaldssakene
Hovudårsaka til at erstatningssøkjar har fått medhald i kravet sitt er at rotbehandlinga ikkje er utført på rett måte. Typiske eksempel på dette er at rotfyllinga har vore ufullstendig i form av for tynn eller kort rotfylling eller at ein eller fleire rotkanalar er oversette. Andre eksempel er at det har oppstått perforasjon av rotkanalen eller at bit av instrument har blitt liggjande att. I tillegg er det ei rekkje eksempel på at det ikkje er brukt isolerande gummiduk (kofferdam). Kofferdam blir brukt for å førebyggje infeksjon.
I nesten 10 prosent av medhaldssakene er det mangelfull journalføring. Det gjer det vanskeleg å ta stilling til korleis behandlinga er utført, og tvil om dette kjem ofte erstatningssøkjar til gode.
Typiske skadar som følgje av svikt ved rotfylling er rotspissbetennelse eller tap av ei eller fleire tenner. Ofte må rotfyllinga utførast på nytt, det kan vere behov for rotspissamputasjon eller tapt tann må erstattast av til dømes implantat.
Avslagssakene
I overkant av 60 prosent har fått avslag fordi det ikkje har vore svikt i behandlinga. Nesten 40 prosent av avslaga er grunngjevne med at det ikkje er samanheng mellom plagene som har oppstått og behandlinga som har vore utført.