Erstatningssaker - ryggkirurgi

Visste du at NPE har behandla 524 ryggkirurgi-saker dei siste fem åra? Dei to vanlegaste årsakene til inngrepa er ryggprolaps eller trong ryggmargskanal.

Skriv ut 14. desember 2017

152 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er så langt utbetalt 97 millionar kroner i erstatning. Dei aller fleste - 80 prosent - fekk medhald på grunn av svikt i behandlinga. Dei andre som fylgje av infeksjon.

Årsaker til svikt

Det er fire hovudårsaker til svikt i behandlinga; at pasienten skulle vore operert tidlegare, at det er brukt feil behandlingsteknikk/metode, at operasjonen blei gjort i feil ryggnivå eller at skruer er plasserte feil. Typiske fylgjer av feilbehandling eller infeksjon er lammingar, gangvanskar, vasslatingsproblem og smerter.

Bakgrunn for avslag

Det er to årsaker til at 372 erstatningssøkjarar har fått avslag. I halvparten av avslagssakene er det konkludert med at det ikkje har vore svikt i behandlinga som er gjort, og at plagene i form av til dømes auka smerter og nedsett gangfunksjon er innanfor det som må aksepterast. Den andre halvparten er grunngitt med at det ikkje er samanheng mellom behandlinga og plagene erstatningssøkjaren har, men at desse skuldast sjølve grunnlidinga.