Erstatningssaker - skade på mor under graviditet eller fødsel
Visste du at NPE har behandla 313 erstatningskrav som handlar om skade på mor under graviditet eller fødsel? 46 erstatningssøkjarar har fått medhald i kravet, og det er utbetalt 16,5 millionar kroner i erstatning.
Den største delen erstatningskrav er knytt til keisarsnitt (30 prosent). Vaginal forløysing eller tong-/vakuumforløysing utgjer høvesvis 27 og 22 prosent, medan oppfølging i svangerskapet gjeld 21 prosent av sakene. Den totale medhaldsdelen er 15 prosent, men varierer frå 7 prosent for keisarsnitt til 19 prosent knytt til vaginal forløysing.
Vanlegaste skadar
Dei vanlegaste skadane er perinealrift, fosterdød, skade på kjønnsorgan, infeksjon, smerter i mage, bekken eller rygg, psykiske plager eller skade på urinvegar. Høgast medhaldsdel med 17 prosent, er knytt til perinealrift.
Årsak til medhald
Nesten alle medhaldssakene er grunngjevne med svikt i behandlinga. Svikten består hovudsakleg i mangelfull oppfølging/behandling eller feil behandlingsteknikk/metode. Mangelfull oppfølging/behandling kan vere manglande CTG-undersøking, påviste avvik som ikkje blir følgde opp eller mangelfulle undersøkingar i risikosvangerskap. Feil behandlingsteknikk/metode kan vere feil val av fødemetode eller feil behandling av rift.
Årsak til avslag
Dei fleste avslagssakene, 63 prosent, er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i behandlinga. Skadane som har oppstått er kjende komplikasjonar til fødselen, og er innanfor det som må aksepterast. 33 prosent er grunngjevne med at det ikkje er samanheng mellom den påståtte skaden og behandlinga. Plagene skuldast dermed andre forhold.