Erstatningssaker - stoffskiftesjukdomar
Visste du at NPE har behandla 101 saker dei siste fem åra som gjeld høgt og lågt stoffskifte? Det er gitt 26 medhald og 75 avslag, og hittil er det utbetalt 8 millionar kroner i erstatning.
Omlag halvparten av sakene gjeld diagnostisering av stoffskiftesjukdom, medan den andre halvparten gjeld behandling av sjukdomen. Lågt stoffskifte (hypotyreose) utgjer to tredelar av alle sakene. Fleirtalet av erstatningssøkjarane er kvinner, med 85 saker totalt.
Medhald
I halvparten av dei i alt 26 medhaldssakene, er det konkludert med svikt i behandling av stoffskiftesjukdom. Nesten alle sakene gjeld feilmedisinering. Pasientane fekk for høge eller for låge medisindosar, og nokre blei medisinerte sjølv om stoffskiftesjukdom ikkje var påvist. Det førte mellom anna til utmatting, konsentrasjonsvanskar og utvikling av nedsett beintettleik.
Forseinka eller feil diagnostikk er årsak til medhald i resten av sakene, og nesten alle gjeld lågt stoffskifte. Forseinka diagnose skuldast at pasienten ikkje blei tilvist vidare til spesialist, at det ikkje blei teke blodprøvar trass i typiske symptom, eller at prøvane ikkje blei følgde opp. Det tok ofte fleire år før diagnosen blei stilt og rett behandling starta. Feildiagnostisering av stoffskiftesjukdom, oftast som følgje av feiltolking eller manglande oppfølging av prøvesvar førte til unødvendig medisinering, i mange tilfelle i fleire år.
Avslag
I nær 30 saker er det gitt avslag fordi det ikkje har vore svikt i diagnostikk. I omlag like mange saker er årsaka til avslag at det ikkje er samanheng mellom behandlinga og skaden erstatningssøkjarane meiner å ha fått. I eit tjuetals saker er det konkludert med at det ikkje har skjedd ein svikt i behandling.