Kort om erstatningssaker – forseinka diagnostikk av brystkreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald til 70 kvinner, som har søkt om pasientskaderstatning, fordi dei fekk diagnostisert brystkreft for seint? Det er utbetalt 85 millionar kroner til erstatningssøkjarane eller etterlatne.

Skriv ut 27. oktober 2022

Kvifor blei diagnosen forseinka?

Dei tre hovudårsakene til medhald for forseinka diagnose av brystkreft er:

  • prøvesvar/undersøkingar ble feiltolka
  • prøvar/undersøkingar blei ikkje bestilt
  • utgreiinga var mangelfull/funn blei ikkje følgde opp

Desse tre årsakene til diagnosesvikten utgjer omlag like mange saker kvar, til saman 58.

Helseføretaka er ansvarlege i 43 av dei 70 sakene der kvinnene har fått medhald. Fastlegane og privat helseteneste har høvesvis 14 og ni saker kvar. Fire saker gjeld offentleg kjøp av helseteneste.

Kva blei følgjene av forseinkinga?

NPE ga medhald for at svikten i diagnostikk førte til at fem kvinner døydde. 39 kvinner fekk medhald for påkjenninga ved at sjukdomsprognosen blei forverra på grunn av forseinkinga Ein god del av erstatningssøkjarane måtte gjennom ei meir omfattande behandling enn dei ville hatt behov for utan forseinkinga. Mange fekk eit forlengt sjukdomsforløp.

Totalt er det utbetalt 85 millionar kroner. I heile 64 av dei 70 sakene er det utbetalt meinerstatning, noko som seier at pasientskaden er vurdert som varig og monaleg.

Gjennomsnittsalderen til erstatningssøkjarane var 48 år då skaden skjedde.

Avslagssakene

I alt 133 kvinner fekk avslag på søknadene sine om erstatning for forseinka brystkreftdiagnose.

I 97 av desse sakene er grunngjevinga at det ikkje har skjedd ein svikt i diagnostikk, det vil seie at utgreiinga har vore i tråd med medisinsk praksis. I 36 saker ville det vore mogleg å stille diagnosen tidegare, men dette har ikkje hatt noko å seie for sjukdomsforløpet eller behandlingsresultatet.