Rekordhøge utbetalingar etter pasientskadar

Fleire og fleire søkjer erstatning for pasientskadar. Den samla summen som blir utbetalt er rekordhøg, viser ei ny oversikt frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Skriv ut Bokmål | English | 6. juli 2023

I fyrste halvår i år har meir enn 4000 personar søkt om erstatning for svikt i helsetenesta. Det er 15 prosent fleire enn i same periode i fjor. Dei fleste krava kjem frå pasientar som har fått skadar i musklar eller skjelett, tenner, biverknad etter vaksine, kreft og innan psykiatri.

- Vi har sett ei utvikling over ein del år at fleire søkjer og får erstatning. Det viser at ordninga er viktig og fungerer, seier Kristin Cordt-Hansen, som er direktør i Norsk pasientskadeerstatning.

Kristin Cordt-Hansen

Kristin Cordt-Hansen

Erstatning for tannskadar

Den største auken – på 40 prosent – er krav frå pasientar som har fått skadar etter besøk hjå tannlegen. Typiske eksempel er ufullstendig rotfylling, dårleg krone- eller brutilpassing eller mangelfull oppfølging gjennom fleire år. Nokre gonger er det ikkje ein god grunn for behandlinga, mellom anna når tannlegen trekkjer tenner utan at det var nødvendig.

Du kan lese meir om erstatning for tannskadar og anonymiserte saker her.         

Biverknader av koronavaksinen

Pandemien pregar framleis oversikta over kva folk søkjer erstatning for. Det har vore ein auke på 14 prosent i talet på krav for biverknader av koronavaksinen. Den vanlegaste biverknaden er menstruasjonsforstyrringar.

Uvanleg høge utbetalingar

Talet personar som får erstatning for svikt i helsetenesta er omlag det same som i fyrste halvår i fjor. Men samla sum som er utbetalt for sakene er så langt i år på 771 millionar. I fyrste halvår i fjor var talet 590 millionar kroner. Det er ein auke på heile 31 prosent. Forklaringa er mellom anna at 1. oktober 2022 tredde det i kraft ei forskrift om kapitaliseringsrenta som gjør at erstatningssummane blir høgare.

Les meir om kapitaliseringsrenta her (ekstern lenke til regjeringen.no)

I tillegg har nokre få erstatningssøkjarar mottekne høge utbetalingar. Det er to saker som gjeld hjerneskade hjå barn, som følgje av svikt i diagnostikk og oppfølging. Ei heilt spesiell sak gjeld fødselsskade på eit barn. Der blei det utbetalt 66 millionar i erstatning, på grunn av utgifter til omsorgstenester for barnet. Familien valde å busetje seg i USA kort tid etter fødselen og den rekordhøge summen er fastsett ut frå tilhøva der.

Her kan du lese en kort oppsummering av kvifor summen blir så høg i denne unike saka (ekstern lenke til rett24.no).

Sju av ti får nei

Trass i at stadig fleire meiner at dei har blitt feilbehandla, får framleis sju av ti nei på krav om erstatning. Fleirtalet av avslaga kjem av at pasienten har fått rett behandling, sjølv om dei sit att med smerter og plager etterpå. Ein del behandling har komplikasjonar som ikkje var til å unngå. Det er berre skadar som skuldast feilbehandling som gir rett til erstatning. I ein del saker er det òg slik at plagene pasienten har ofte skuldast sjukdomen i seg sjølv, ikkje behandlinga dei har fått.

-Dette må vi bli flinkare til å informere om, både til helsepersonell og til pasientane. Vi ynskjer å bruke meir tid på pasientane som får erstatning. Dermed slepp mange å gå gjennom ein lang søknadsprosess hjå oss som endar med vonbrot, seier Kristin Cordt-Hansen.

Les meir om kva som skal til for å få erstatning.

Her finn du statistikk over mottekne saker, utbetalingar, vedtak, årsak til svikt i behandling m.m.

Pressekontakt

Nøkkeltal for 1. halvår 2023

  • Mottekne saker: 4000 (auke på 15 prosent)
  • Utbetalte summar: 771 millionar (auke på 31 prosent)
  • Talet saker behandla: auke på 18 prosent
  • Medhald: 28 prosent (nedgang frå 29 prosent)

Saksbehandlingstid

  • Vedtak avslag: ned frå 196 til 190 dagar i gjennomsnitt
  • Vedtak medhald og utbetaling: ned frå 420 til 367 dagar i gjennomsnitt