Kva skal til for å få erstatning for ein pasientskade?

For at du skal få erstatning frå NPE, må tre vilkår vere oppfylte. Vi rår deg til å lese punkta nedanfor før du søkjer.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

1. Pasientskaden må skuldast svikt i behandlinga

Du må ha fått ein skade som skuldast behandling, undersøking, diagnostisering eller oppfølging. Ein slik pasientskade kan vere både forbigåande og varig. I tillegg må skaden din skuldast svikt i behandlinga. Om skaden skuldast den sjukdomen du blei behandla for, har du ikkje krav på erstatning.

I tilfelle der det oppstår ein skade utan at det kjem av svikt i behandlinga, har du normalt ikkje krav på erstatning.

I nokre heilt spesielle tilfelle kan ein få erstatning, sjølv om det ikkje har skjedd ein svikt. Dette gjeld dersom skaden er spesielt stor og uventa.

2. Pasientskaden må ha ført til eit økonomisk tap

Pasientskaden må som hovudregel ha ført til eit økonomisk tap, utover det du likevel ville ha hatt. Formålet med erstatninga er altså å dekkje ekstra utgifter som kjem av pasientskaden. Dette kan til dømes vere utgifter til legebehandling, medisinar, transport og liknande. Du kan òg få erstatning for inntektstap eller tap av forsørgjar.

Er det økonomiske tapet under 10 000 kroner, kan du ikkje krevje erstatning frå NPE. Du kan i staden vende deg direkte til den behandlingstaden der skaden skjedde.

Har du hatt forbigåande plager eller ei dårleg oppleving, men ikkje eit økonomisk tap, vil du ikkje få erstatning. Du kan heller ikkje få erstatning for «tort og svie».

Meinerstatning for ikkje-økonomisk tap
I nokre tilfelle kan du få erstatning sjølv om du ikkje har noko økonomisk tap, til dømes om du har fått ein varig og monaleg pasientskade. Med varig meiner ein vanlegvis at pasientskaden varer i ein periode på minst ti år. Med monaleg meiner ein at pasientskaden må gi ein medisinsk invaliditet på minst 15 prosent.

For å fastsetje medisinsk invaliditet brukar vi ein eigen tabell for personskadar.

3. Pasientskaden må ikkje vere for gamal

Du kan søkje om pasientskadeerstatning seinast tre år etter at du burde ha forstått at det er behandlinga eller mangel på behandling som har ført til skaden. Søkjer du for seint, seier vi at kravet er forelda.

Hovudregelen er at eit krav om erstatning er forelda etter tre år.

For at foreldingsfristen skal ta til, må du ha forstått at du har fått ein skade som har gitt deg eit økonomisk tap og/eller varig medisinsk invaliditet. Du må òg ha forstått kven som er ansvarleg for skaden. Du har i dette høvet eit visst ansvar for å undersøkje om skaden din skuldast behandlinga, og kven som er ansvvarleg.

Krav som er meir enn 20 år gamle vil som hovudregel vere forelda. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vore klar over skaden og kven som er ansvarleg.

Ein avbryt forelding ved å melde kravet til NPE.

Bør eg vente med å sende inn søknad?

I nokre tilfelle kan det vere fornuftig å vente med å sende inn søknadsskjema, til du ser om du faktisk har fått ein varig skade, eller at du har fått eit økonomisk tap på minst 10 000 kroner. Dette gjeld særleg i tilfelle der skaden er av forbigåande karakter.

Om du er usikker på om du bør vente med å sende inn søknaden, kan du ringje servicesenteret vårt.