Stor auke i erstatningskrav etter tannbehandling

Norsk pasientskadeerstatning har teke imot 40 prosent fleire søknader om erstatning etter behandling hjå tannlegar i fyrste halvår i år enn i same periode i fjor.

Skriv ut Bokmål | English | 6. juli 2023

Dei vanlegaste grunnane til at vi gir erstatning for feilbehandling er i samband med rotbehandling, kronebehandling og brubehandling.

450 nye krav

Vel 450 tannlegepasientar har kravd erstatning i fyrste halvår. På same tid i fjor var talet 322 søknader. Det tilsvarar ein auke på 40 prosent.

- Det er for tidleg å seie om den kraftige auken skuldast tilfeldige svingingar eller noko anna. Så snart vi har gått gjennom dei nye sakene, vil vi vite med større tryggleik, seier avdelingsdirektør Kathrine Kjemphol Nygård i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Kathrine Kjemphol Nygård

Kathrine Kjemphol Nygård

Pandemien

Den norske tannlegeforening er òg usikker på grunnen til den kraftige auken, men peikar på fleire moglege årsaker:

  • Informasjon hjå tannlegane om retten til å søkje erstatning kan vere ein grunn til at fleire nyttar moglegheita.
  • Ein annan er etterslepet frå pandemien. Under pandemien måtte tannlegekontora halde stengt ein lenger periode der pasientar berre fekk tilbod om akuttbehandling.

- Etter nedstenginga har mange pasientar òg utsett og kansellert tannlegebesøket. Erfaringar frå fleire land tyder på at dette, kombinert med småeting og meir usunn kost på heimekontor, kan ha ført til at fleire har fått større behandlingsbehov.

Det meiner presidenten i Den norske tannlegeforening, Heming Olsen-Bergem. Han peikar òg på at folk skifter tannlege oftare enn før og stiller spørsmål ved tidlegare behandlingsval.

- Det er framleis relativt kort tid sidan samfunnet opna att. Det er fyrst på sikt vi vil sjå om tannhelse under pandemien fører til fleire krav til oss, seier Kjemphol Nygård i NPE.

Medhald og avslag

Av dei 450 tannpasientane som har kravd erstatning i år har dei fleste korkje fått ja eller nei enno. Søknadene er framleis til behandling. Men ei oversikt over kva som har blitt behandla så langt i 2023, viser at 155 erstatningssøkjarar har fått medhald medan 139 har fått avslag.

Det blei i alt utbetalt 14 millionar kroner i erstatningar etter behandling hjå tannlegar, samanlikna med ni millionar fyrste halvår i fjor.

- Grunnen til auken i utbetalingane er at nokre få personar har fått store summar på over ein million kroner. Det er ikkje ein generell auke i erstatningsnivået, understrekar avdelingsdirektøren i NPE.

Låge tal trass i auke

- Eikvar feilbehandling hjå tannlegen er sjølvsagt ei for mykje. Samtidig er det viktig å sjå tala i samanheng med talet behandlingar. Tannlegar treffer i overkant av tre millionar pasientar i løpet av året, og mange av dei har fleire behandlingar årleg, då er talet klager eigentleg veldig lågt, seier presidenten i Tannlegeforeningen.

Vil du klage?

  1. Norsk pasientskadeerstatning: Alle som meiner at dei er blitt feilbehandla hjå tannlegen kan melde inn krav hjå NPE. For at du som pasient skal ha rett til erstatning, må skaden skuldast behandlinga og svikt i denne. Vidare må skaden ha ført til eit økonomisk tap på over 10 000 kroner. Vi tilrår likevel å snakke med tannlegen fyrst. Mange saker løyser seg i dialog mellom tannlegen og pasienten.
  2. Lokale klagenemnder for Tannlegeforeningane: Klagenemndene skal bidra til å førebyggje og løyse konfliktar mellom pasientar og tannlegar som er medlemar av Den norske tannlegeforening (NTF). Dei skal vere eit konfliktførebyggjande organ som skal gi informasjon om tannbehandling til publikum. I tillegg bidreg dei i dialogen mellom behandlande tannlege og pasient.
  3. Helsetilsynet (ekstern lenke): Pasientar kan be statsforvaltaren i fylket sitt om å vurdere saker om til dømes fagleg uforsvarleg behandling, dårleg kommunikasjon og avvising frå strakshjelp.

Fakta om erstatningskrav til NPE etter tannlegebesøk

  • 450 tannpasientar har søkt om erstatning fyrste halvår 2023. I same periode i fjor søkte 322 tannpasientar om erstatning. Det er ein auke på 40 prosent.
  • 294 erstatningskrav frå tannpasientar blei behandla fyrste halvår 2023.  155 av dei fekk medhald og 139 fekk avslag. Det vil seie at 53 prosent fekk ja medan 47 prosent fekk nei.
  • Totalt auka NPE sine utbetalingar innan tannhelse frå 9 til 14 millionar kroner, frå fyrste halvår i fjor, til i år.
  • Tre utbetalingar fyrste halvår i år er over éin million kroner, alle tre gjeld nerveskadar etter tanntrekking.

To eksempel på pasientar som har søkt pasientskadeerstatning

Ein fekk erstatning, ein annan fekk avslag.

Medhald

Ei kvinne gjekk til same tannlege gjennom mange år. Då ho bytte tannlege, blei det avdekt eit stort behov for meir behandling av tennene. Det var mykje karies, store lappa fyllingar og mykje overheng. Det blei avdekt svikt ved diagnostisering av karies på mange tenner og utført behandling, fleire ufullstendige rotfyllingar og mange dårleg tilpassa fyllingar. Kvinna fekk medhald i søknaden sin, fordi det var svikt i helsehjelp.

Avslag

Ein mann fekk komposittfyllingar i fire tenner i overkjeven. Det blei gitt informasjon om at fyllingane var store og at det var fare for tannrotbetennelse i framtida. Ein månad seinare blei det betennelse i to av tennene. Den eine blei rotfylt og den andre observert.  Mannen fekk avslag på søknaden sin om erstatning, fordi det ikkje var svikt i tannbehandlinga.

Pressekontakt