Servicesenter

Skriv ut English | 3. februar 2021

Du er velkomen til å ta kontakt med servicesenteret for råd og rettleiing knytt til pasientskadeordninga. Vi hjelper deg gjerne.

Telefon servicesenteret: 22 99 45 00

Opningstid for telefonførespurnader

08.00 - 15.00 måndag - fredag (15. mai - 14. september)

08.00 - 15.45 måndag - fredag (15. september - 14. mai)

E-post

Du kan gjerne kontakte oss på e-post. Vi svarar på førespurnader etter kvart eller sender vidare til rett person hjå oss:

npepost@npe.no

Ver merksam på at e-postmottaket er ei open og usikra teneste. Du bør difor ikkje sende sensitiv informasjon til oss på e-post.

Kryptert e-post og bilde

Vi tek ikkje imot kryptert e-post. Du må sende oss opplysingar gjennom Mi side, Digipost/eBoks eller på vanleg post.

Ynskjer du å sende inn bilde? Lagring av bilde sendt inn via e-post har vi ikkje ei god teknisk løysing for. Du må sende oss bilde gjennom Mi side, Digipost/eBoks eller på vanleg post.

Om du brukar Digipost/eBoks hugs å setje inn Norsk pasientskadeerstatning som mottakar.

Privat helseteneste

Treng du råd og rettleiing knytt til tilskotsordninga, eller treng du hjelp til å finne ut kva de skal betale i tilskot? Ta kontakt med oss, vi hjelper deg gjerne.

Kontaktinformasjon for privat helseteneste