Alternativ behandling

Under finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om alternativ behandling.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2020

Dekkjer pasientskadeordninga alternativ behandling?

Pasientskadelova omfattar òg alternativ behandling som blir gjort integrert i ordinær helseteneste. Til dømes vil ein fysioterapeut som utfører akupunktur som ein integrert del av den ordinære behandlinga si, vere omfatta av ordninga.

Om ein berre eller i hovudsak driv med alternativ behandling, er ein ikkje omfatta av ordninga. Særleg vil dette gjelde der ein i liten grad nyttar kompetansen som autorisert helsepersonell i den alternative behandlinga, og der ein markedsfører behandlinga som alternativ. Er du i tvil om du er omfatta, kan du be om å få ei konkret vurdering frå oss.

Meldeplikt og tilskotsplikt 

Du skal melde inn og betale tilskot for den delen av verksemda som kjem inn under pasientskadelova. Driv du alternativ behandling utanfor ordinær helsehjelp, som ikkje er omfatta av pasientskadelova, skal du ikkje melde dette inn til oss.