Kosmetisk behandling

Ikkje alle typar behandling blir rekna som helsehjelp. Dette gjer at ikkje all kosmetisk behandling er omfatta av pasientskadeordninga.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2020

For at saka skal falle inn under ordninga må to vilkår vere oppfylte:

  • behandlinga må vere helsehjelp
  • behandlinga må vere utført av autorisert helsepersonell, eller helsepersonell med lisens

Kosmetisk kirurgi

Plastikkirurgi blir alltid utført på grunnlag av medisinske vurderingar frå lege. Behandlinga kan berre utførast av kirurg med kompetanse til å utføre denne typen inngrep. Denne forma for behandling er yting av helsehjelp og blir dekt av ordninga.

Kosmetiske injeksjonar

Når det gjeld anna kosmetisk behandling enn kirurgi, vurderer vi konkret i kvar enkelt sak om behandlinga er helsehjelp eller ikkje. Eit moment vil vere om slik behandling skal utførast av helsepersonell. Er dette tilfelle, vil behandlinga bli rekna som helsehjelp. Eit typisk eksempel er bruk av injeksjonar, såkalla fillers.

Om helsepersonell utfører kosmetisk behandling som ikkje krev kompetanse som helsepersonell, vil dette normalt ikkje vere å rekne som helsehjelp. Eit eksempel kan vere ein sjukepleiar som tilbyr vanleg venleikspleie/hudpleie.

Vi vurderer skadepotensialet og om autorisert helsepersonell vanlegvis utfører behandlinga, når vi avgjer om behandlinga er helsehjelp eller ikkje.

Om nokon som ikkje er helsepersonell har utført behandlinga, vil ho uansett falle utanfor ordninga. Det er berre helsehjelp utført av helsepersonell som er dekt av pasientskadelova.

Nokre eksempel på kva som normalt er helsehjelp:

  • plastikkirurgi
  • skleroterapi
  • mesolipoterapi
  • lipolyse
  • behandling med Botox og fillers
  • peeling med kjemiske stoff som verkar djupare ned i huda
  • laserbehandling frå styrke 3b og oppover

Nokre eksempel på kva som normalt ikkje er helsehjelp:

  • tatovering
  • peeling med relativt milde kremar og liknande
  • vanleg venleikspleie/hudpleie

Kosmetiske behandlingsstader pliktar å ha medisinsk ansvarleg lege.

Alle kosmetiske behandlingsstader som pliktar å ha ansvarleg lege på klinikken, er ansvarleg for innmelding og betaling av tilskot for ansvarleg lege til NPE.