Norges Idrettsforbund - særavtale

Norges idrettsforbund (NIF) har inngått ein avtale med NPE, som skal dekkje den samla tilskotsplikta for norsk idrett. Her kan du lese meir om denne avtalen.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2020

Kven  er omfatta av avtalen

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). NIF er ein fellesorganisasjon for idretten i Noreg. Under NIF høyrer følgjande organisasjonsledd: Idrettskrinsar, særforbund, idrettsråd, regionar/særkrinsar og idrettslag.

Nye medlemar er dekte av avtalen frå innmeldingsdagen i NIF. Om ein melder seg ut av NIF, er ein dekt ut kalenderåret.

Føremålet med avtalen

Autorisert helsepersonell, som er sysselsette av NIF, er tilskotspliktige til NPE for helsetenester dei gir. Denne avtalen skal dekkje den samla tilskotsplikta for norsk idrett, og vil med visse unntak erstatte den lovpålagde tilskotsplikta som NIF har.

Ansvar dekt av avtalen

Avtalen omfattar alle pasientskadar som skjer i samband med aktivitet i regi av NIF. Med pasientskadar meiner vi skadar som er omfatta av pasientskadelova.

Avtalen omfattar dei tilfella der NIF har tilskotsplikt til NPE. Avtalen omfattar ikkje dei tilfella der NIF eller underliggjande organisasjonsledd driv ei verksemd som er etablert med sikte på å yte helsehjelp, og der verksemda sjølv har tilskotsplikt etter lova.

Ansvaret vårt for skadar

Vi dekkjer fullt ut det økonomiske ansvaret overfor skadelidne pasientar, i samsvar med gjeldande rett.

Tilskot

NIF skal betale eit årleg tilskot til NPE på vegner av NIF og alle underliggjande organisasjonsledd.

Rutinar ved melde pasientskadar

Når nokon melder skade til oss, er det mellom anna viktig å avklare om skaden er skjedd under omstende som er omfatta av denne avtalen (eller andre innmelde verksemder). NIF vil raskt avklare eventuelle spørsmål frå oss.

Alle krav om pasientskadeerstatning skal i utgangspunktet meldast direkte til oss. Får ein medlemsorganisasjon eller NIF likevel meldt ein skade til seg, skal kravet formidlast vidare til oss. Medlemsorganisasjonen eller NIF skal samtidig melde til erstatningssøkjaren at forholdet er meldt vidare til oss, som vil behandle saka.

Gir erstatningssøkjaren klart uttrykk for at vedkomande ynskjer å halde helsepersonell direkte ansvarleg, skal meldinga likevel sendast vidare til oss. NPE og det aktuelle helsepersonellet vil då avklare korleis saka skal behandlast vidare.