Kva dekkjer tilskotsordninga?

Tilskotsordninga dekkjer kostnadar til å utgreie erstatningssakene. I tillegg dekkjer ho utbetaling av erstatning til pasientar og pårørande. Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla om kva tilskotsordninga omfattar og kva det betyr for deg som helsepersonell.

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

Kva dekkjer NPE?

NPE er ansvarleg for pasientskadar der pasientar eller andre har hatt eit tap på grunn av ein pasientskade som skuldast feilbehandling.

Vi reknar ut erstatninga etter alminneleg erstatningsrett. Tap eller utgifter under kroner 10 000 eller oppreisingserstatning (erstatning for tort og svie) er ikkje dekt av ordninga.

Treng ein ei tilleggsforsikring for å vere fullt dekt?

Helsepersonell har ikkje plikt til å teikne eiga ansvarsforsikring. 

Men om du driv verksemd som tilbyr anna behandling enn det som er omfatta av NPE-ordninga, bør du ha ei eiga ansvarsforsikring for denne delen av verksemda. Eit eksempel kan vere om du tilbyr alternativ behandling som ikkje er helsehjelp etter offentleg autorisasjon eller lisens.

Hugs at NPE berre dekkjer ansvar for pasientskadar. Ei verksemd kan òg kome i ansvar utanfor behandlar/pasient-situasjonen. Verksemda treng difor òg ei meir generell ansvarsforsikring for verksemda si. Kombinerte forsikringsprodukt for mindre føretak inneheld ofte òg eit ansvarselement – der pasientskadar vil vere unnatekne. Snakk med forsikringsselskapet ditt.

Er eg dekt av tilskotsordninga òg i tida før eg har registrert meg hjå NPE?

Verksemda er ikkje dekt av tilskotsordninga før ein har meldt inn og betalt pliktig tilskot. Om du etter-innmelder og betalar tilskot for tidlegare år, er verksemda dekt for nye erstatningskrav og for tidlegare skadar melde etter tidspunktet for etterregistrering.

Allereie melde krav for tidlegare år vil ikkje vere dekte. Vi vil då krevje regress om det blir medhald og utbetaling i saka.

Pasienten er dekt av pasientskadeordninga uansett om verksemda har betalt tilskot eller ikkje.

Dekkjer pasientskadelova berre pasienten?

Pasientskadelova omfattar ikkje skade på helsepersonell.

Pasientskadelova dekkjer pasientar og andre som har fått eit økonomisk tap eller eit varig mein etter ein pasientskade som skuldast feilbehandling.

Må ei verksemd betale eigendel i saker der NPE utbetalar erstatning?

Det er ingen eigendelar knytte til at NPE utbetalar erstatning i ei sak.

Det er heimel i pasientskadelova for å innføre ein slik eigendel, men til no er han ikkje teken i bruk.