Legemiddelskade
Her finn du informasjon om legemiddelskadar og korleis du går fram for å søkje erstatning.
Her finn du informasjon om legemiddelskadar og korleis du går fram for å søkje erstatning.
Du kan søkje erstatning for biverknader av legemiddel. Du kan eventuelt i tillegg søkje erstatning for svikt i behandlinga. Søknadsskjema finn du her.
NPE behandlar alle erstatningskrav som gjeld skadar ved legemiddelbruk.
Her finn du informasjon om kva vilkår som må vere oppfylte for at du skal ha rett på erstatning for biverknadsskadar.
Det er to erstatningsordningar som gjeld for personar som får ein skade etter å ha delteke i legemiddelforsøk.
Når vi tek imot søknadsskjema frå deg, vil vi starte utgreiing og innhente all nødvendig dokumentasjon i saka. Du vil bli informert etter kvart og få høve til å kommentere undervegs.
Det er skilnad på kva høve du har til å klage på avgjerder som gjeld legemiddelskadar.
Om ein erstatningssøkjar vil at ein annan skal representere han, treng vi ei fullmakt som stadfestar dette. Den som har fått fullmakta, kan då skrive under søknadsskjemaet.