Slik reknar vi ut erstatninga di

Har du rett til erstatning, vil vi rekne ut storleiken på erstatninga etter skadeserstatningslova. 

Skriv ut Bokmål | English | 14. november 2023

Dei vanlege erstatningspostane er:

  • meinerstatning
  • inntektstap
  • arbeid i heimen
  • utgifter

Erstatninga omfattar både tap du har hatt (påført tap), og tap du vil få i framtida. Du får renter på påført tap, og erstatning for skatteulempe på framtidig tap. Dei framtidige årlege tapa skal betalast ut som ein eingongssum. Du vil finne meir informasjon om dette nedanfor.

Du får meinerstatning om skaden er varig og monaleg

Har du fått ein varig og monaleg skade, har du rett på meinerstatning. Meinerstatning blir gitt for tapt livskvalitet, uavhengig av om du har hatt eit økonomisk tap.

Med varig meiner vi vanlegvis at skaden varer i ein periode på minst ti år.

Med monaleg meiner vi at skaden må gi medisinsk invaliditet på minst 15 prosent. For å fastsetje medisinsk invaliditet brukar vi ein eigen tabell for personskadar.

Utrekninga byggjer på medisinsk invaliditetsgrad, alder på skadetidspunktet og grunnbeløpet i folketrygda.

Du får dekt den inntekta du tapar på grunn av skaden

Har du hatt eller vil få eit inntektstap som følgje av skaden, skal tapet dekkjast. For å rekne ut tapet samanliknar vi inntekt med og utan skaden, og det er denne differansen som skal dekkjast. Erstatninga skal dekkje nettotapet. Du skal sitje att med den same disponible summen etter at skatten er trekt frå, som om skaden ikkje hadde skjedd. Når vi reknar ut erstatninga, trekkjer vi frå ytingar du får som følgje av skaden, til dømes uføreytingar og stønader. I tillegg må vi ta med i utrekninga at du kjem til å spare utgifter ved å ikkje vere i jobb, til dømes reiseutgifter, fagforeiningskontingent og innskot til pensjonsordningar. Vi vil òg ta omsyn til om du har fått rett til særfrådrag som følgje av skaden. Du må betale skatt av erstatninga for inntektstap fram til no, og denne skatten er plussa på erstatninga. Erstatning for framtidig nettotap blir normalt rekna ut fram til pensjonsalder (framtidig tap). Det kan òg vere aktuelt å gi erstatning for tap i pensjon.

Erstatninga dekkjer utgiftene dine til hjelp i heimen

Har skaden gjort at du ikkje lenger kan utføre dei vanlege oppgåvene i heimen, skal vi dekkje utgifter til å få utført desse. Vanlege oppgåver er til dømes husarbeid, vedlikehald av bustad, hagearbeid, plenklipping, snømåking og innkjøp. Kor stor erstatninga er, avheng av omfanget på skaden, busituasjonen, familiesituasjonen med meir. Du må bidra til å avgrense følgjene av skaden ved å omstille og innrette deg etter den nye situasjonen. Det blir forventa at arbeidsoppgåvene i heimen blir omfordelte så mykje som mogleg. Rettspraksis med å dekkje utgifter til arbeid i heimen ligg på eit nøkternt nivå.

Kva for andre utgifter dekkjer vi?

Rimelege og nødvendige utgifter som kjem av behandlingsskaden skal dekkjast. Det mest vanlege er utgifter i samband med legebehandling, medisinar, fysioterapi og transport. I nokre saker kan det òg vere aktuelt å dekkje utgifter til å tilpasse bustad, og til hjelp i kvardagen. Erstatninga omfattar utgifter fram til i dag (påførte utgifter), og sannsynlege utgifter framover (framtidige utgifter). Vi dekkjer ikkje utgifter som blir dekte av andre, til dømes NAV som dekkjer ulike utgifter ved sjukdom og skade. Du kan vanlegvis krevje at hjelpemiddelsentralen dekkjer treningsutstyr av ulik art og tekniske hjelpemiddel. Difor må du undersøkje kva du kan få dekt av NAV og hjelpemiddelsentralen.

Du får dekt renter på tap du har hatt til no

Du har krav på renter på tap du har hatt fram til no. Når det gjeld inntektstap, reknar vi renter av nettotapet. Rentene blir rekna for kvart tapsår, men tidlegast ein månad etter at vi fekk søknad om erstatning i saka.

Slik reknar vi ut det framtidige tapet

Erstatning for framtidig tap skal betalast ut som ein eingongssum. Sjølv om tapa kjem til å oppstå i åra framover, får du summen til disposisjon allereie no. Ved utrekninga trekkjer vi frå dei renteinntektene du vil få på summen. Dette blir kalla kapitalisering, og kan illustrerast med eit eksempel: Eit framtidig tap på 10 000 kroner per år i ti år ville med ei utbetaling på 100 000 kroner innebere eit overskot, fordi du gjennom dei ti åra får renter på erstatningssummen. Ettersom vi gjer frådrag for desse renteinntektene, vil utbetalinga bli på 82 700.

Må du betale skatt av erstatninga?

Du må betale skatt på renteinntekter av den eingongssummen som skal dekkje det framtidige tapet, jf. ovanfor. Vidare kan utbetalinga frå oss innebere at du må betale formuesskatt. For å kompensere for denne skatteulempa gir vi eit tillegg i erstatninga.

Du skal ikkje betale skatt av erstatning for

  • meinerstatning
  • framtidig inntektstap
  • arbeid i heimen
  • utgifter

Du skal betale skatt av erstatninga for:

  • inntektstap fram til no (påført inntektstap)
  • renter

Vi melder erstatningsutbetalingane inn til skatteetaten. Gjeld erstatninga påført inntektstap over fleire år, bør du sende eit vedlegg til skattemeldinga di som viser kva år erstatninga gjeld, og beløp for kvart enkelt år.

Ta kontakt om du har behov for forskot

Det tek litt tid før vi kan treffe eit endeleg vedtak om storleiken på erstatninga. Difor kan det vere aktuelt å betale ut delar av erstatninga undervegs. Vi ber deg om å ta kontakt med oss om du treng dette.

Treng du advokat?

Saksbehandlaren vår vil samarbeide med deg for å få alle dei opplysingane vi treng for rekne ut rett erstatning. Ynskjer du likevel hjelp av ein advokat under erstatningsutrekninga, dekkjer vi rimelege og nødvendige utgifter til dette. Kva som er rimeleg og nødvendig omfang på hjelpa, vurderer vi konkret i kvar sak. Har du advokat, vil all korrespondanse gå direkte til advokaten.

Vi kan hente inn fleire opplysingar

I samband med utrekninga av erstatninga kan det vere aktuelt at vi innhentar fleire journalar og dokumentasjon, mellom anna frå NAV og skattekontoret. I somme tilfelle kan det òg vere aktuelt å søkje etter offentleg tilgjengelege opplysingar på internett.