Forseinka diagnose og behandling av kreft – erstatningsutrekning

Vurdering av korleis vi reknar ut erstatninga i saker som gjeld forseinka diagnose og behandling av kreft.

Skriv ut Bokmål | English | 5. desember 2018

1. Innleiing
2. Inntekter, utgifter og tapt heimearbeidsevne
3. Forverra prognose
4. Tilbakefall
5. Dødsfall
6. Kreftsaker med forkorta levetid
6.1. Innleiing
6.2 Meinerstatning, inntektstap og meirutgifter
6.3 Gravferdsutgifter
6.4 Forsørgjartap

 

1. Innleiing

Erstatningsutrekninga i saker med forseinka diagnose og behandling av kreft følgjer reglane i kapittel 3 i skadeserstatningslova (skl.). Erstatning for meirutgifter og inntektstap følgjer reglane om økonomisk tap i § 3-1, meinerstatning § 3-2 og forsørgjartapserstatning og gravferdsutgifter § 3-4. Erstatning for de nemnde tapa føreset at dei erstatningsrettslege grunnvilkåra er oppfylt.

Det må for det fyrste vere eit ansvarsgrunnlag. Under utgreiinga av saka må vi avklare om det har vore svikt og om han har ført til ein skade. Vi må avklare når diagnosen burde vore stilt eller behandlinga burde vore starta opp, og kva forseinkinga har hatt å seie.

For det andre må det vere årsakssamanheng mellom pasientskaden og tapet. Til slutt må det vere eit økonomisk tap over 10 000 kroner, eit varig mein over 15 prosent eller at etterlatne har eit forsørgjartap og/eller utgifter til gravferd.

For born gjeld eigne reglar for utrekning etter skadeserstatningslova. Etter 01.03.2018 gjeld nye reglar for inntektstapserstatning og tapt heimearbeidsevne til born, sjå skl. § 3-2 a. Det krevst her ein minsteinvaliditet på 10 prosent. Regelen gjeld for dei skadetilfella som oppstår etter at lova trer i kraft. Meinerstatning blir utrekna separat som for vaksne, sjå skl. § 3-2.

2. Inntekter, utgifter og tapt heimearbeidsevne

Hovudregelen ved inntektstap og utgiftskrav er at pasienten skal få full erstatning for det økonomiske tapet som skaden fører til. Pasienten skal stillast økonomisk som om skaden ikkje var skjedd. Vi må samanlikne den økonomiske situasjonen til pasienten før og etter skaden (differansebetraktning).

Kva ville situasjonen mest sannsynleg vore utan forseinkinga, men med kreftdiagnosen? Ville pasienten uansett slutta å arbeide, hatt tilsvarande utgifter, hatt tilsvarande reduksjon i heimearbeidsevna? Dette må vi vurdere konkret i den enkelte saka. Skilnaden utgjer det økonomiske tapet.

3. Forverra prognose

Det som kan skape ekstra utfordringar i desse sakene, er korleis vi reknar ut erstatning for forverra prognose. Erstatning for ein forverra prognose vil vere aktuelt å vurdere under posten meinerstatning. Det finst ikkje noko eige punkt i invaliditetstabellen for dette. Vi må difor gjere ei skjønnsmessig vurdering.

Vi må vurdere kva det har å seie for pasienten å leve med ein meir usikker prognose (uavhengig om pasienten har fått tilbakefall av sjukdomen eller ikkje). Etter som tida går utan tilbakefall, aukar sjansane for at pasienten er frisk. Men det vil normalt likevel vere ei auka psykisk påkjenning å leve med kunnskapen om ein forverra prognose på grunn av forseinka diagnose av kreft. I NPE er dette i dei fleste sakene løyst ved å tilkjenne meinerstatning med ei gruppe.

Pasientskadenemnda (PSN) har vore einig i praksisen til NPE om fastsetjing av meinerstatning i saker med forverra prognose (N2010/0519). Har det vore ei endring i statistisk prognose på 15 prosentpoeng eller meir, gir vi meinerstatning med ei gruppe. Vi legg til gruppa etter at annan invaliditet er samordna.

Heilt unnataksvis kan vi gi meinerstatning for forverra prognose med to grupper. Då må den forverra prognosen ha vore ei monaleg påkjenning for pasienten, og pasienten må ha gått til langvarig behandling for dette. Om vi skal vurdere å gi meinerstatning for to grupper er det viktig å hugse på kriteriet om varig tilstand.

I nokre saker er NPE erstatningsansvarleg for at pasienten har utvikla kreft. I dei fleste tilfella inneber dette ei psykisk påkjenning for pasienten. Sjølv om prognosen er god, tilkjenner vi difor meinerstatning med ei gruppe i saker som dette. I tillegg må vi på vanleg måte vurdere eventuelle andre følgjer av forseinkinga.

4. Tilbakefall

Har pasienten fått tilbakefall/spreiing av kreftsjukdomen, må vi under erstatningsutrekninga vurdere om tilbakefallet mest sannsynleg skuldast forseinkinga. Dette kan eventuelt gi grunnlag for å ta saka opp på nytt.

Er det ein årsakssamanheng, må vi vurdere konsekvensane dette får for pasienten, og kva mein pasienten har som følgje av auka plager.

I nokre tilfelle kan tilbakefallet føre til auka plager i ein periode. Vi må då vurdere om det får noko å seie for storleiken på erstatninga. I ein del tilfelle tyder tilbakefallet at pasienten ikkje vil bli frisk att. I byrjinga av sjukdomsperioden kan då følgjene av tilbakefallet ofte vere av mindre omfang, men så kan følgjene auke etter som tida går. Vi vurderer likevel storleiken på meinet ut frå situasjonen på oppgjerstidspunktet. I tillegg vurderer vi dei andre erstatningspostane på vanleg måte. Det kan i nokre saker vere aktuelt med terminoppgjer.

5. Dødsfall

I nokre saker døyr pasienten medan vi behandlar saka. Då må vi vurdere om vi er ansvarlege for dødsfallet. Er saka allereie avslutta, kan dette eventuelt gi grunnlag for å ta saka opp på nytt.

Utrekning av erstatning ved dødsfall skjer etter skl § 3-4. Dette omfattar gravferdsutgifter, eventuelle andre utgifter i samband med dødsfallet og forsørgjartap. I tillegg skal vi erstatte eventuelt økonomisk tap i den perioden pasienten levde med pasientskaden, frå forseinkinga oppstod og fram til dødsfallet.

6. Kreftsaker med forkorta levetid

6.1. Innleiing

I fleire kreftsaker konkluderer vi med forkorta levetid på grunn av forseinking eller annan svikt i behandlinga. I desse sakene ville pasienten uansett ha døydd av kreftsjukdommen, men forseinkinga har ført til at pasienten døyr tidlegare. Det kan dreie seg om ein kortare eller lengre periode.

For å kunne ta stilling til kva vi eventuelt kan erstatte, må vi avklare kor lang den forkorta levetida er.

Det finst ingen domstol- eller nemndspraksis på dette området som kan gi oss rettleiing. Det er likevel viktig med ein einsarta oppgjerspraksis som inneber at samanliknbare saker blir handtert så likt som mogleg.

6.2 Meinerstatning, inntektstap og meirutgifter

I dei sakene der vi tek ansvar for forkorta levetid, vil utgreiinga avgrense kor lang periode det er snakk om.

Under erstatningsutrekninga av inntektstap, arbeid i heimen og meirutgifter må vi på vanleg måte ta stilling til korleis situasjonen mest sannsynleg ville vore utan behandlingsskaden, men med kreftsjukdomen. Ville pasienten uansett hatt redusert arbeidsevne, hatt tilsvarande utgifter, hatt tilsvarande reduksjon i heimearbeidsevna?

Dette kan i mange tilfelle innebere vanskelege vurderingar. I dei situasjonane der vi berre tek ansvar for forkorta levetid, vil erstatningssøkjar som regel ikkje sannsynleggjere tapte lønsinntekter eller meirutgifter som følgje av pasientskaden. I staden vil tapa skuldast sjølve kreftsjukdomen. Den forkorta levetida gir då som oftast ikkje økonomisk tap for pasienten.

Vi må som alltid vurdere saka konkret. Forkorta levetid kan òg føre til auka plager og meir omfattande behandling medan pasienten lever. Eventuelle tap i etterkant av dødsfallet, vil inngå i ei utrekning av forsørgjartapet, sjå punkt 6.4.

Som hovudregel utbetalar vi ikkje meinerstatning for eventuell psykisk meirpåkjenning som følgje av den forkorta levetida.

6.3 Gravferdsutgifter

Erstatning for utgifter i samanheng med dødsfallet er heimla i skl. § 3-4 tredje ledd. Regelen omfattar direkte utgifter i samband med sjølve gravferda. Andre utgifter, til dømes reiseutgifter i samband med gravferda, kan vi òg dekkje.

I nokre saker vil vi kunne hevde at det ikkje er årsakssamanheng mellom behandlingsskaden og gravferdsutgiftene, fordi utgiftene uansett ville oppstått innan relativt kort tid. Praksis i NPE er likevel at om behandlingsskaden har ført til forkorta levetid, tilkjenner vi erstatning for gravferdsutgiftene, òg i dei sakene der vi har teke ansvar for ein relativt kort periode.

Det er berre i dei tilfella der NPE gir rett til erstatning for ei forkorta levetid på nokre få dagar, at vi ikkje tilkjenner erstatning for gravferdsutgifter.

I nokre få saker gjer vi opp erstatningssaka medan pasienten framleis lever. I desse sakene er det ikkje aktuelt å utbetale erstatning for gravferdsutgifter. Slike utgifter må dei etterlatne difor kome tilbake til etter at pasienten er død.

6.4 Forsørgjartap

For å kunne kreve forsørgjartapserstatning, må dei etterlatne ved dødsfallet vere heilt eller delvis forsørgde av avdøde, jf. skl. § 3-4 fyrste ledd fyrste punktum. Det avgjerande er kven avdøde faktisk forsørgde då han eller ho døydde. I saker med forkorta levetid vil det nesten alltid oppstå eit økonomisk forsørgjartap. Sjølv om pasienten som følgje av grunnsjukdomen sin ofte vil vere alvorleg sjuk og med nedsett forsørgjarevne, vil pasienten framleis bidra med dei eventuelle inntektene eller pensjonane sine til dekning av utgifter familien har.

I saker der vi tek ansvar for forkorta levetid, må vi gjere ei konkret vurdering av omfanget av forsørgjartapet. Om avdøde uavhengig av pasientskaden ville fått redusert forsørgingsevne, skal vi ta omsyn til dette under erstatningsutrekninga. Dette er ein konsekvens av at det er den faktiske forsørginga vi skal erstatte.

I mange saker vil det kunne oppstå tvil om det er behandlingsskaden eller grunnlidinga til pasienten som er den direkte årsaka til redusert forsørgingsevne. Tvil om dette bør gå i favør av dei etterlatne. Vi tilkjenner erstatning for den perioden vi har teke ansvar for.
Vi bør vere løysingsorienterte med tanke på den konkrete erstatningsutrekninga.

Har vi teke ansvar for forkorta levetid med fire til seks månader, og det er eit faktisk forsørgjartap, nyttar vi det lengste tidsintervallet. Det vil seie at vi reknar ut forsørgjartapet for ein periode på seks månader.