Habilitet

Internt fagnotat om vurdering av habilitet for saksbehandlarar, leiarar og sakkunnige i NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 18. mai 2017

1. Innleiing
2. Føremåla bak reglane om habilitet
3. Kven skal vurdere habiliteten
4. Dei absolutte inhabilitetsgrunnane
5. Inhabilitet på grunnlag av særeigne forhold som svekkjer tilliten
6. Habilitet når erstatningssøkjar eller nær familie er, eller har vore, tilsett i NPE
7. Habilitet når sakkunnig er tilsett ved behandlingsstaden klaga gjeld, eller har anna tilknyting til hendinga eller involvert personell
8. Konsekvens av inhabilitet
9. Litteratur og praksis

1 Innleiing
Det er viktig at erstatningssøkjarane, allmenta og andre har tillit til at NPE gir ei upartisk vurdering av pasientskadesakene. Reglane om habilitet i forvaltingslova (fvl.) kapittel II skal bidra til dette. Fagnotatet gir ei innføring i dei viktigaste sidene ved reglane om habilitet og korleis vi i NPE skal behandle saker der saksbehandlarar eller leiarar er inhabile. På nokre punkt har vi vedteke at vi skal ha ein strengare praksis enn det som er fastsett i fvl. I fagnotatet brukar vi tilsett som fellesnemning for leiarar og saksbehandlarar. Reglane om habilitet gjeld òg for sakkunnige, jf. fvl. § 10 fyrste punktum. Det vi skriv om habilitet i dette notatet gjeld difor òg for dei sakkunnige, sjølv om dei ikkje er tilsette i NPE.

Dette fagnotatet erstattar det tidlegare fagnotatet om «NPEs medisinske rådgivere og habilitet» og «Habilitet for saksbehandlerne».

2 Føremåla bak reglane om habilitet
Hovudomsynet bak reglane om habilitet er å sikre ei upartisk behandling av forvaltingssaker. Dei skal hindre at avgjerder i forvaltinga blir feil fordi den tilsette tek usaklege omsyn ved førebuinga eller avgjerda i saka. Reglane skal dessutan bidra til tillit til at forvaltinga er upartisk. Reglane om habilitet skal òg verne dei tilsette sjølve. Reglane gjer det lett å trekkje seg frå behandlinga av ei sak, om det er omstende som kan utsetje den tilsette for kritikk, t.d. at ho har nær tilknyting til ein part. Brot på reglane om habilitet er ein saksbehandlingsfeil. Det kan føre til at eit vedtak blir ugyldig, når det er grunn til å rekne med at feilen kan ha verka avgjerande på innhaldet i vedtaket, jf. fvl. § 41.

3 Kven skal vurdere habiliteten
Hovudregelen er at tilsette skal vurdere sin eigen habilitet. Er de i tvil, må de ta opp dette med næraste leiar og eventuelt drøfte saka med Juridisk avdeling. Leiarar kan avgjere at ein saksbehandlar ikkje skal behandle ei sak på grunn av inhabilitet, eller for å unngå at det blir stilt spørsmål ved habiliteten. Sakkunnige skal vurdere habiliteten sin i den sakkunnige vurderinga. Den sakkunnige kan ta opp spørsmål om habilitet med NPE.

4 Dei absolutte inhabilitetsgrunnane
Fvl. § 6 fyrste ledd inneheld dei absolutte inhabilitetsgrunnane som gjer tilsette inhabile.

§ 6 fyrste ledd:
En offentlig tjenestemann er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller til å treffe avgjørelse i en forvaltningssak
a) når han selv er part i saken;
b) når han er i slekt eller svogerskap med en part i opp- eller nedstigende linje eller i sidelinje så nær som søsken;
c) når han er eller har vært gift med eller er forlovet med eller er fosterfar, fostermor eller fosterbarn til en part;
d) når han er verge eller fullmektig for en part i saken eller har vært verge eller fullmektig for en part etter at saken begynte;
e) når han leder eller har ledende stilling i, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for
1. et samvirkeforetak, eller en forening, sparebank eller stiftelse som er part i saken, eller
2. et selskap som er part i saken. Dette gjelder likevel ikke for person som utfører tjeneste eller arbeid for et selskap som er fullt ut offentlig eid og dette selskapet, alene eller sammen med andre tilsvarende selskaper eller det offentlige, fullt ut eier selskapet som er part i saken.

Spørsmålet om inhabilitet etter det fyrste leddet er som regel uproblematisk. Regelen regulerer forholdet mellom den tilsette og parten/-ane i saka. Reglane om inhabilitet gjeld òg der relasjonen gjeld helsepersonell som er involverte, sjølv om dei formelt ikkje er part i saka, til dømes om saksbehandlaren er i familie med behandlande lege.

Om det er ein fjernare familierelasjon, eller annan relasjon som liknar på dei som er lista opp, skal vi vurdere habiliteten etter hovudregelen i det andre leddet (sjå pkt. 5).

5 Inhabilitet på grunnlag av særeigne forhold som svekkjer tilliten
Hovudregelen om habilitet står i fvl. § 6 andre ledd.

§ 6 andre ledd:
Likeså er han ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. Det skal også legges vekt på om ugildhetsinnsigelse er reist av en part.

Ei tilsett er inhabil om det ligg føre «særegne forhold» som er «egnet til å svekke tilliten» til at ho er upartisk.

Omstende som kan svekkje tilliten kan vere om vedtaket gir fordel, tap eller ulempe for den tilsette sjølv, eller nokon ho er nær personleg knytt til. Dette kan vere økonomiske eller forretningsmessige forhold, venskap med ein part, osv. Nedanfor går vi nærare inn på omstende som vi av røynsle veit kan oppstå i NPE. Fyrst går vi gjennom nokre generelle moment som vi skal leggje vekt på ved vurderinga.

Vi skal gjere ei konkret og individuell vurdering av tilknytinga den tilsette har til saka eller partane i saka. Vurderinga er «en objektiv vurdering der det skal veie tungt hvordan forholdet vil fortone seg for folk flest» (sml. domstolloven § 108, Rt-2003-1588 for domarar i HR).

Vi skal leggje vekt på kva art saka har, eller situasjonen i saka, når vi vurderer habiliteten. Vi skal sjølvsagt ikkje sjå bort frå reglane om inhabilitet i kurante og lite skjønsprega saker, men vi skal praktisere dei strengare i saker som har mykje å seie for parten og inneber vanskelege skjønsprega vurderingar.

Det kan være aktuelt å vurdere om andre relasjonar og slektskapsforhold enn dei som er nemnde i § 6 fyrste ledd fører til inhabilitet. Andre omstende enn dei som er nemnde, fører ikkje automatisk til inhabilitet. For at slektskap som til dømes tante, onkel, nevø, kusine eller fetter, skal føre til inhabilitet, må det liggje føre noko «særegent» som skiljer seg frå det som er vanleg. Det kan til dømes vere slektskap kombinert med eit nærare venskap enn det som er vanleg i tilsvarande slektskapsforhold.

Tidlegare tilknyting til saka eller parten fører ikkje til inhabilitet. Dette gjeld ved klagebehandling, når den tilsette har behandla ei sak som gjeld det same forholdet tidlegare (gjenopptak), eller ei sak som gjeld same erstatningssøkjar.

Meiner ein part at den tilsette er inhabil skal vi leggje vekt på dette, jf. fvl. § 6, men som hovudregel er det grunngjevinga for motsegna som blir avgjerande.

6 Habilitet når erstatningssøkjar eller nær familie er, eller har vore, tilsett i NPE
Det kan finnast saker der erstatningssøkjar er tilsett i NPE, er gift med, eller i nær slekt med, ein tilsett. Ut over det som følgjer av § 6 fyrste ledd, inneber ikkje dette i seg sjølv at tilsette i NPE er inhabile. Vi må gjere ei konkret vurdering i den einskilde saka.

Eit tema vi må vurdere er om det er «særegne forhold», som ikkje er vanleg mellom tilsette/kollegaer. Både teori og praksis seier at det må vere meir enn berre eit kjennskap eller kollegaforhold, vanleg sosial omgang utanfor arbeidstida, osv. for at eit kollegaforhold skal føre til inhabilitet. Lovavdelinga har sagt at dette gjeld som utgangspunkt, sjølv om samarbeidet strekkjer seg over lang tid og er omfattande. Vanleg god kjennskap og samarbeid fører altså ikkje til inhabilitet. Er forholdet særleg nært og omfattande, kan det føre til inhabilitet. Det vil fyrst og fremst vere graden av venskapen som har noko å seie (tolkingsuttalen til Lovavdelinga 13.02.2008).

I NPE praktiserer vi det slik at tilsette ikkje skal behandle saker som gjeld ein kollega, ektefellen eller nær slektning til ein kollega, om ein har jobba i same seksjon eller har hatt eit tett samarbeid.

Er det snakk om eit forhold mellom overordna og underordna, gjeld det same som mellom kollegaer. Vi skal vurdere om det er noko som er annleis enn det som blir oppfatta som typisk for slike relasjonar. Sjølv om det ikkje ligg føre inhabilitet, skal saka behandlast i ein annan seksjon, dersom erstatningssøkjar er leiar eller nokon leiaren har ein nær relasjon til. Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at saker der direktøren i NPE er inhabil skal overførast til Helsedirektoratet. [1]

Saker som gjeld tilsette eller familien deira, skal skjermast særskilt for innsyn, på grunn av personvernet. Vi har difor oppretta ei eiga tilgangsgruppe for slike saker.

7 Habilitet når sakkunnig er tilsett ved behandlingsstaden klaga gjeld, eller har anna tilknyting til hendinga eller involvert personell
For sakkunnige gjeld dei same reglane for habilitet som for tilsette.

I NPE har vi avgjort at sakkunnige ikkje skal vurdere saker som gjeld behandlingsstader der den sakkunnige er tilsett. Føremålet med praksisen er å unngå at erstatningssøkjar eller andre ikkje har tillit til at vurderingane våre er upartiske.

Gjeld saka ein behandlingsstad der den sakkunnige tidlegare har vore tilsett, må den sakkunnige gjere ei konkret vurdering. Ved vurderinga skal ho mellom anna leggje vekt på:

  • Kor lang tid det er sidan den sakkunnige var tilsett
    I utgangspunktet er det uproblematisk å vurdere saka om det har gått meir enn fem år.
  • Kva stilling den sakkunnige hadde
    Tilsetjingsforholdet må liggje lenger tilbake i tid om den sakkunnige har hatt ei leiarstilling. Kor lenge ein har hatt stillinga og kor sentral stillinga var, vil ha noko å seie. Kort tilsetjing i ei underordna stilling tilbake i tid er i seg sjølv uproblematisk.
  • Kva rolle har den sakkunnige hatt på behandlingsstaden
    Har ho til dømes lagt grunnlaget for ein praksis, hatt ansvar for fagleg utvikling mm. Vurderinga kan vere ulik for små avdelingar/einingar og einingar med mange tilsette.

I nokre saker er det spørsmål om den sakkunnige er inhabil til å vurdere saker der den sakkunnige har hatt fagleg samarbeid med helsepersonell som er involverte. Det er i praksis lagt til grunn (m.a. av Lovavdelinga) at det skal mykje til for at eit fagleg samarbeid fører til inhabilitet. Eksempel på omstende som ikkje gjer ein sakkunnig inhabil er samarbeid om faghefter, bidrag til lærebøker eller at ein sit i same råd eller styre. Dette gjeld utan omsyn til storleiken på fagmiljøet. På same måte som elles, må vi gjere ei konkret vurdering av om det finst andre særeigne omstende, som nær venskap eller liknande.

Det kan finnast saker der ein intern sakkunnig i NPE har vore involvert i behandlinga som ligg til grunn for erstatningskravet. Den involverte sakkunnige skal naturlegvis ikkje vurdere saka. Det tyder ikkje i seg sjølv at saksbehandlarar, leiarar i NPE eller andre interne sakkunnige er inhabile. I utgangspunktet behandlar vi saka på vanleg måte, sett bort frå at vi som hovudregel brukar ekstern sakunnig i disse sakene. Saksbehandlar og leiar vurderer på vanleg måte om dei har ein slik relasjon til den sakkunnige som har vore involvert i behandlinga, at det fører til inhabilitet.

8 Konsekvens av inhabilitet
Når ein saksbehandlar er inhabil, overfører vi saka til ein annan saksbehandlar.

Når ein leiar er inhabil, skal ein direkte underordna ikkje avgjere saka. Etter forvaltingslova er det ikkje noko til hinder for at ein underordna tilsett kan førebu saka. I NPE har vi likevel avgjort at saka skal overførast til ei anna eining. Er seksjonsleiaren inhabil, overfører vi saka til ein annan seksjon. Vi overfører saka til Juridisk avdeling om avdelingsdirektør for saksbehandlingsavdelinga er inhabil.

Offentlege organ kan ikkje i seg sjølve bli inhabile. Habiliteten blir vurdert for den einskide tilsette. Er direktøren i NPE inhabil, kan ikkje ein underordna tilsett i same forvaltingsorgan avgjere saka. Helse- og omsorgsdepartementet har difor etablert ein praksis der Helsedirektoratet er setjeorgan i saker der NPE er inhabil til å avgjere saka. Vi overfører saka til Helsedirektoratet som førebur og avgjer saka. Etter avtale med Helse- og omsorgsdepartementet sender vi saka direkte til direktoratet.

9 Litteratur og praksis

Eckhoff, Torstein og Smith, Eivind: Forvaltningsrett, Universitetsforlaget, 2010

Graver, Hans Petter: Alminnelig forvaltningsrett, Universitetsforlaget, 2015

Woxholth, Geir: Forvaltningsloven med kommentarer, Gyldendal, 2011

Uttalar frå Lovavdelinga og Sivilombudsmannen

[1] Tidlegare har Helsedirektoratet behandla alle saker som gjeld tilsette, tidlegare tilsette, ektefellane og den nære familien deira. Dette er endra til at det berre gjeld saker der direktøren i NPE er inhabil.