Skatteulempe

Internt fagnotat om skatteulempe ved utrekning av erstatninga.

Skriv ut 7. juli 2017

1. Innleiing
2. Domstolpraksis
3. NOU 2011:16
4. Oppgjerspraksis i NPE

1. Innleiing
For dei fleste framtidige erstatningspostane vil vi utbetale erstatning for tap som strekkjer seg over mange år. Dette gjeld særleg framtidig inntektstap, meirutgifter, heimearbeidstap og forsørgjartap. Erstatningssøkjaren vil ikkje måtte betale skatt av erstatninga for desse postane. Men renteinntektene av erstatninga er skattepliktig inntekt, og det vil i tillegg vere formuesskatt på kapitalen. Når vi reknar ut den endelege erstatningssummen, vil vi gi kompensasjon for dette, såkalla tillegg for skatteulempe. Dette blir gjort for at erstatningssøkjar skal få full erstatning.

2. Domstolpraksis
Høgsterett behandla i 1993 spørsmålet om tillegg for skatteulempe i tre dommar. Dei prinsipielle uttalane til Høgsterett har seinare blitt følgt i praksis, seinast i Kapitaliseringsrentedommen, Rt. 2014 s. 1203.

Ølbergdommen, Rt. 1993 s. 1524, gjaldt ein ung gut på 16 år, som fekk ein alvorleg personskade då han var sju. Høgsterett uttalte at det ikkje var grunnlag for å bruke eit generelt prosenttillegg for å rekne ut skattebelastinga. Vidare sa Høgsterett at maskinell utrekning ut frå ulike føresetnader kan gi svært nyttig informasjon. Ved utrekning av skattebelastinga må ein ta utgangspunkt i korleis ein går ut frå at ein fornuftig person i livssituasjonen til erstatningssøkjaren ville disponere erstatningssummen. Tillegget for skatteulempa blei sett til 23 prosent ut frå konkrete prognosar om korleis erstatningssummen ville bli forvalta. Høgsterett uttalte:

«Ved utmåling av tillegget for skatt må en etter min mening ta utgangspunkt i skadelidtes alder og den livssituasjon han befinner seg, herunder skadens innvirkning på hans livsførsel. Hvordan skadelidte vil bruke erstatningen, vil det ofte være vanskelig å ha noen vel begrunnet mening om, ikke minst når det gjelder større beløp, tilstått for tap over mange år. Tillegget for skatt fremstår, slik jeg ser det, som en svært usikker størrelse. Denne usikkerhet sammenholdt med det krav en må kunne stille om en fornuftig disponering, fører etter min mening til at utgangspunktet for beregningen må være hvordan en fornuftig person i skadelidtes situasjon faktisk må antas å ville disponere erstatningsbeløpet. En objektiv vurdering vil til en viss grad redusere spekulasjoner og tvister om hvilken disponering som skal legges til grunn, og ulikhet i vurderingen som skyldes selve skjønnsutøvelsen begrenses. Men har en helt konkrete holdepunkter for hva skadelidte akter å gjøre med erstatningsbeløpet, må dette tillegges vekt, forutsatt at disponeringen anses rimelig etter forholdene.»

Stokstaddommen, Rt. 1996 s. 958, bygde på eit forslag frå NOU 1994:20 om ein generell sats på 25 prosent. Tanken om ein slik standardisert sats har òg vore utgangspunkt i seinare dommar. Mange har difor oppfatta det slik at ein gjennom rettspraksis har standardisert tillegget for skatteulempa til 25 prosent. Dette gjeld særleg for barn og unge, der tapsperioden vanlegvis er lang. Ei utrekning ved bruk av Compensatio vil likevel vere eit viktig utgangspunkt for vurderinga i den konkrete saka. Samtidig vil storleiken på skatteulempa avhenge av storleiken på tapet i basisåret og lengda på kapitaliseringsperioden. Dette inneber at eldre personar vil få ei lågare skatteulempe enn yngre. I tillegg har det noko å seie korleis ein ventar at erstatningssøkjaren vil disponere erstatninga.

Høgsterett drøfta siste gong skatteulempespørsmålet i Kapitaliseringsrentedommen, Rt. 2014 s. 1203. Saka gjaldt krav om erstatning etter ei trafikkulukke. Erstatningssøkjar blei alvorleg skadd 20 år gamal, då ho som fotgjengar blei påkøyrd og fekk omfattande skadar. Ho var 27 år da Høgsterett avsa dom i saka.

Høgsterett viste til at skattereglane er endra på fleire punkt sidan 1993, då både inntekts- og formuesskatten er gått noko ned. Samtidig blei kapitaliseringsrenta sett ned frå fem til fire prosent. Trass i endringane, sa Høgsterett at retningslinjene for å fastsetje skatteulempe i Ølbergdommen, i hovudsak gjeld framleis. Dei la likevel til at den generelle kapitaliseringsrenta er meint å omfatte svært ulike tilfelle, der renta i mange saker godt kunne ha vore både høgare og lågare. Høgsterett uttalar at det gir samanheng i erstatningsutrekninga om tillegget for skatteulempa til ein viss grad òg blir standardisert. På same måte som for kapitaliseringsrenta, har standardisering av skatteulempa klare fordelar. Dette gjer det meir føreseieleg og legg til rette for å kome fram til minnelege ordningar. I dommen konkluderer Høgsterett med at skatteulempa bør vere på 20 prosent, og at det skal sterke grunnar til for å fråvike den standardiserte satsen.

3. NOU 2011:16
I NOU 2011:16 – Standardisert personskadeerstatning, står det i mandatet at «I hensiktsmessig grad bør utmålingen av erstatningen for fremtidige utgifter skje i en standardisert form, på en slik måte at spørsmålet om kapitaliseringsrente og skatteulempetillegg, ikke blir egne tvistepunkter mellom partene.»

Utvalet uttalar om dette at eit av formåla med standardiseringa nettopp er å unngå at spørsmål om tillegg for skatteulempe blir eit tvistetema, og difor eignar seg for standardisering. Utvalet foreslår ei skatteulempe på 30 prosent for gruppa fram til 25 år, 25 prosent for gruppa 25 år og oppover og deretter ei lineær nedtrapping for dei over 50 år. Skatteulempespørsmålet og tilrådingane frå utvalet er, likt med dei fleste andre forslaga, ikke følgt opp. Kapitaliseringsrentedommen har eit anna resultat og er retningsgjevande for praksisen vår i dag.

4. Oppgjerspraksis i NPE
I etterkant av Kapitaliseringsrentedommen har vi avgjort å bruke to satsar for skatteulempe i oppgjera våre – 10 og 20 prosent.

  • Om skatteulempa i Compensatio er på meir enn 10 prosent, nyttar vi den standardiserte satsen på 20 prosent.
  • Om skatteulempa i Compensatio er under 10 prosent, er dette ein sterk grunn for å fråvike den standardiserte satsen. I desse sakene brukar vi difor satsen 10 prosent skatteulempe. Dette vil vanlegvis gjelde saker med korte tapsperiodar og forsørgjartap.

Skatteulempa skal reknast ut samla for inntektstap og utgifter. Når vi legg inn formuesrørsler i Compensatio, som til dømes nedbetaling av gjeld, tek vi difor utgangspunkt i samla kapitalisert erstatning.

Vi må forstå dommen slik at vi skal leggje inn som ein føresetnad at pasienten sjølv nyt godt av botnfrådraget ved utrekning av formuesskatt. Formuesskatt er ein skatt på nettoformuen. I Compensatio legg vi difor inn kr 1 480 000 i feltet «Skadelidtes tidligere skattbare nettoformue».