Klage på vedtak eller ta opp att ei sak

Her ser du korleis du klagar på eit vedtak. Du finn òg informasjon om det å ta opp att ei sak.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

Klage på vedtak

Om du får avslag i saka, kan du klage på vedtaket. Klaga sender du til oss for vurdering. Finn vi ikkje grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klaga vidare for behandling i Pasientskadenemnda (PSN). Helseklage er sekretariat for PSN og førebur saka.

Frist for å klage er tre veker.

Før PSN behandlar ei klage, vil det på nytt bli vurdert om det er nødvendig med fleire opplysingar, til dømes medisinskfaglege uttalar og liknande. Dersom PSN gjer om  avslagsvedtaket vårt, vil saka gå tilbake til oss for utrekning av erstatning. Held PSN fast på avslaget, er det mogleg for deg å bringe saka inn for domstolane. Du kan ikkje bringe saka inn for domstolane før PSN har behandla klaga.

Klage gjer du enklast til oss gjennom Mi side, og vi tilrår at du tek i bruk Mi side for å sende oss det vi spør etter. Då får vi raskare rett informasjon frå deg.

> Logg inn på Mi side

Om du ikkje har Mi side, eller ikkje ynskjer å bruke Mi side, kan du skrive ned informasjonen vi treng og sende inn til oss. Her finn du meir informasjon.

Ta opp att saka 

Når vi har avslutta saka og du ikkje har klaga på vedtaket, er saka i utgangspunktet endeleg avgjort. I nokre tilfelle kan det likevel vere aktuelt å sjå på saka på nytt. Det kan til dømes vere fordi du har nye og vesentlege opplysingar, som ikkje var kjende då vi avslutta saka di.

Føresetnaden for å ta opp att saka er at dei nye opplysingane vil ha noko å seie for resultatet i saka. Vi gjer merksam på at det skal mykje til for å få ei avslutta sak teken opp att.

Korleis søkjer eg om å få saka mi teken opp att?

Du må skrive et brev til oss der du beskriver hva som er nytt i saken. Du bør samtidig oppgi saksnummeret ditt.

Om du har klaga på vedtaket vårt, og saka er avslutta i Pasientskadenemnda, må du sende søknad om å få ta opp att saka dit.