Erstatningskrav - psykisk helse

Her er kortfatta informasjon om dei viktigaste tinga du må tenkje på, om du vurderer å søkje erstatning for feilbehandling av psykisk liding.

Skriv ut Bokmål | English | 30. oktober 2023

Mange kontaktar NPE og fortel om det dei meiner er feil behandling av psykiske lidingar. Typiske saker kan vere feil og forseinka diagnose av til dømes bipolar liding, ADHD, psykoselidingar, depresjon, angst og personlegdomsforstyrringar.

Vi får òg mange saker som gjeld feilmedisinering av psykiske lidingar.

Det å ha ei psykisk liding gir ikkje rett til erstatning i seg sjølv. Det er berre dei økonomiske konsekvensane av ei feilbehandling NPE dekkjer.

Kva gir rett til erstatning?

Om feilbehandling i helsetenesta har ført til økonomiske konsekvensar for deg, kan du ha krav på erstatning. Eksempel på dette kan vere at:

  • du har falle ut av arbeidslivet
  • du har blitt forseinka i utdanninga
  • du har fått auka utgifter til dømes til eigendelar til medisinar og behandling hjå psykolog eller psykiater

Feil eller forseinka diagnose

Mange pasientar får behandling gjennom fleire år. Det er ikkje alltid ein fasit for kva som er rett behandling. Det er heller ikkje alltid mogleg å gi behandling som gjer pasienten frisk.

Nokre får erstatning fordi dei fekk feil diagnose eller dei fekk rett diagnose for seint. Som følgje av det fekk dei ikkje rett behandling. Dette har ført til ein skade, som så har ført til eit økonomisk tap. Det tapet skal erstatninga dekkje.

Feil eller forseinka diagnose gir likevel ikkje automatisk rett til erstatning. Nokre gonger kan det ha skjedd feil i diagnostiseringa eller behandlinga, utan at dette har gjort at du blir dårlegare. Då har du ikkje fått ein skade og vil ikkje ha rett til erstatning.

Feilmedisinering

Det er kjent at dei fleste medisinar har risiko for biverknader. Ikkje alle desse biverknadene gir rett til erstatning. Om medisinen har vore viktig for behandling av sjukdomen din, vil du som hovudregel ikkje ha rett til erstatning.

Nokre får feil medisin, feil dosering eller får medisinen i for lang tid. Dersom dette har ført til ein skade som har gitt deg eit økonomisk tap, kan du ha rett til erstatning.

Les meir om erstatning etter feilmedisinering.

NPE gir ikkje erstatning for «tort og svie»

Mange som kontaktar oss er opptekne av å få erstatning som ei anerkjenning av dei problema dei har opplevd, det ein del kallar erstatning for «tort og svie» eller «plaster på såret». NPE dekkjer ikkje slik erstatning. Vi kan berre gi erstatning for økonomisk tap og for stor og varig skade.

Servicesenteret

Om du har spørsmål om det å søkje erstatning, kan du få hjelp og rettleiing på servicesenteret vårt

Søkje erstatning

Ynskjer du å søkje erstatning, kan du fylle ut søknadsskjema digitalt.