Kommunikasjon med pasienten

Korleis snakkar du med pasienten om erstatning ved ein pasientskade?

Skriv ut Bokmål | English | 6. januar 2021

Stikkordet i alle samanhengar rundt pasientskadar er openheit. Du bør setje av god tid til ein samtale med pasienten og/eller pårørande.

Vi har sett opp fem enkle punkt som ein rettleiar for helsepersonell som skal snakke med pasientar om erstatning ved ein pasientskade:

1. Snakk med pasienten og fortel om høvet til å søkje erstatning hos NPE.

2. Fortel om høvet til å sjekke sjølv om det er grunnlag for å sende ein søknad om erstatning: Kan eg søkje erstatning for skaden min?

3. Overlat vurderinga av erstatningsspørsmålet til oss.

4. Gi pasienten brosjyre med kontaktinformasjon til oss. Du finn lenke til brosjyren nederst på denne sida.

5. Pasienten må sjølv sende inn søknad om erstatning. Behandlingsstaden kan ikkje sende søknaden til NPE.

Informasjonsplikt

Når pasienten har fått ein skade eller ein alvorleg komplikasjon har helsepersonell ei lovpålagd plikt til å fortelje om NPE og høvet for å søkje om erstatning.

Du finn meir informasjon hos:

Brosjyre for helsepersonell