6,5 millionar kroner i erstatning til pasientar etter attgløymt utstyr

41 pasientar har dei siste fem åra fått erstatning fordi det blei etterlate utstyr i kroppen etter operasjonen.

Skriv ut Bokmål | English | 4. februar 2020

- Den vanlegaste følgja for pasientane er at dei får infeksjonar og smerter, ofte i lang tid, seier Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør i Norsk pasientskadeerstatning (NPE)

158.000 kr i snitt til kvar

NPE har behandla 68 krav om slik erstatning mellom 2015 og 2020. 41 pasientar fekk medhald fordi kirurgen hadde gløymt att tampongar, metallbitar, eller anna kirurgisk utstyr inne i pasienten. Det blei utbetalt 6,5 millionar kroner totalt. Det gir ei gjennomsnittleg utbetaling på 158.000 kroner.

Skal ikkje skje

- Det at utstyr frå operasjonen blir gløymt att i pasienten skal rett og slett ikkje skje, så det er ein klar svikt i behandlinga, seier Gulaker. 

Om lag 60 prosent av pasientane får altså medhald. Normalt i pasientskadesakene er det ca. 30 prosent som får medhald.

Rom for forbetringar

Ho peikar på at det heldigvis er relativt få pasientar det dreier seg om i høve til alle erstatningssøknadene NPE behandlar.

- I det store og heile følgjer truleg sjukehusa rutinane rundt dette, men eksempla viser òg at det er rom for forbetringar, seier avdelingsdirektøren med ansvar for pasientskadesaker.

Det mest typiske for sakene er at behandlar gløymer att ein kompress i pasienten ved operasjon. Kompress er gløymd att i 22 av dei 68 tilfella. Andre gjenstandar som er gløymde er mellom anna klips, stent, skrue, sonde, nål, bandasje og plastrøyr.

Nokre får avslag

27 pasientar fekk avslag fordi det attgløymde utstyret ikkje førte til nokon skade, eller at dei ikkje har hatt eit økonomisk tap. I nokre få saker meiner pasienten at utstyr er attgløymt, medan utgreiinga viser at det ikkje er tilfelle.

For å ha rett til erstatning er det nokre krav som må oppfyllast. Det må ha oppstått en skade som skuldast svikt i behandlinga, og skaden må som hovudregel ha ført til eit økonomisk tap for pasienten.

Les meir om kva som skal til for å få pasientskadeerstatning.