Flest krev erstatning for feilbehandling av musklar, ledd og bein

Mette Thoresen fall på isen, blei innlagd på sjukehus, men fyrst eit halvt år seinare blei den alvorlege skaden i låret oppdaga. I fjor søkte 1572 personar om pasientskadeerstatning innan ortopedi.

Skriv ut Bokmål | English | 30. januar 2023

Ortopedi handlar om muskel og skjelett og er typen medisinsk behandling pasientar oftast søkjer om erstatning for. Dei kan ha blitt feilbehandla eller fått diagnosen for seint, til dømes slitasjegikt i hofte- eller kneleddet, skadar i kne og ledd, ryggprolaps eller brot i lårbein.

Sklei på isen, og blei ikkje undersøkt godt nok

Mange fell på glattisen om vinteren når det er store temperatursvingingar. Legevakta blir fylt opp av beinbrot, hoftebrot og andre skadar. Mette Thoresen (62) frå Oppsal i Oslo var ekstra uheldig: Ho sklei på isen og gjekk i spagatstilling. Ho kom seg heim, men svimte av. Ho blei så transportert til sjukehuset, der ho svimte av att og det blei gjort CT-undersøking av hovudet. Det store problemet hennar sat likevel i låret:

– Då eg fyrst etter seks månader blei undersøkt med MR, viste det seg at alle senefesta på baksida til lårmuskelen var rivne tvers av. Over to år seinare kan eg både gå og sykle, men med store avgrensingar samanlikna med tidlegare. I tillegg kjenner eg heile tida ein klump nedst på låret, og eg har vondt for å sitje, seier ho.

Thoresen fekk utbetalt 80.000 kroner i erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE), fordi sjukehuset ikkje undersøkte henne godt nok.

Auke av krav innan ortopedi

Det var 1572 pasientar som meiner noko gjekk gale som følgje av behandling innan ortopedi, og som søkte om erstatning i 2022. Det er opp seks prosent frå 2021.

Innanfor det medisinske området ortopedi, blei søknaden om erstatning til 1224 personar ferdig behandla i 2022 (Merk!: fleire av desse søknadene er frå 2021 eller tidlegare på grunn av saksbehandlingstida, og tala er difor ikkje direkte samanliknbare med tala i avsnittet over). 369 av dei fekk medhald og 855 fekk avslag. Det blei utbetalt i alt 217 millionar kroner til dei som fekk medhald.

«Seier ikkje nei for å spare pengar»

– For å kunne få erstatning må det påvisast svikt i behandlinga og at pasienten har tapt økonomisk på grunn av feilen som blei gjort. Så det er ikkje slik at vi seier nei for å spare pengar, seier Anne-Mette Gulaker, konstituert direktør i NPE, og held fram:

– Det er ikkje overraskande at vi har flest krav frå pasientar innan ortopedi, fordi det er eit av dei største medisinske områda på sjukehusa.

Skruer var sette inn feil

Yrkessjåfør Lars Alfred Abrahamsen (55) frå Halden var på jobb og fall tre meter ned frå ein stige og fekk omfattande knusingsbrot i handleddet. Han blei frakta til eit sjukehus som ikkje tok det som ei akutt sak. I staden blei han tilvist til sjukehuset i eige fylke, der han seinare blei operert.

– Eg sleit med fryktelege smerter. Då det til slutt blei teke bilde, såg dei at det var brukt for lange skruer under operasjonen, så spissen på skruen stakk ut av beina, noko som skapte mykje smerte for meg, fortel Abrahamsen. Dermed måtte det gjerast nye inngrep for å fikse tabben.

NPE gav Abrahamsen 146 000 kroner i pasientskadeerstatning for mellom anna tapte inntekter i framtida.  

– Det var enkelt å søkje om erstatning; eg sende berre inn eit skjema og spesialistene i NPE støtta saka mi, seier han.

Operasjonssåra har for lengst grodd, men Abrahamsen fortel han framleis har redusert rørsleevne i handleddet.

Kontakt:

Les også: