Over ein milliard i erstatning til pasientar

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) utbetalte over 1,1 milliardar kroner til pasientar i fjor, etter at noko hadde gått gale i behandlinga.

Skriv ut Bokmål | English | 30. januar 2023

Det er spesielt to typar pasientar som toppar erstatningslista til NPE i 2022:

  • Personar med svulst og kreft fekk i alt nesten 242 millionar kroner, opp sju prosent frå året før.
  • Personar innan ortopedi fekk over 217 millionar kroner, ned ein prosent frå året før.

Deretter følgjer nevrologi (84 millionar) og fødselsskadar (72 millionar) på erstatningslista.

Fleire krev erstatning når dei kjenner til rettane sine

– Vi har gått frå rekord til rekord på utbetalingar dei siste åra, i takt med at stadig fleire søkjer om erstatning, seier Anne-Mette Gulaker, konstituert direktør i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Denne tendensen tyder ikkje at helsepersonell gjer fleire feil enn før, men at fleire i samfunnet blir klar over at dei kan ha krav på erstatning.

– Dette viser at pasientordninga fungerer etter føremålet, men vi kan aldri informere nok om slike pasientrettar, seier Gulaker.

Anne-Mette Gulaker

Konstituert direktør i Norsk pasientskadeerstatning Anne-Mette Gulaker.

Koronavaksine: Nesten dobling i erstatningskrav

Kreftsjukdomar fører altså samla sett til dei største utbetalingane frå NPE. Det er fordi at når diagnosen eller behandlinga kjem for seint, kan det ha store helsemessige og økonomiske konsekvensar for dei som blir ramma.

Men målt i talet personar som søkjer erstatning, er det heilt andre medisinske område som toppar statistikken for 2022.

  • 1572 personar søkte om erstatning innan ortopedi, opp seks prosent frå året før.
  • 810 personar søkte om erstatning etter å ha fått vaksine, opp 82 prosent frå året før.

Les meir: Fall på isen og fekk erstatning.

Deretter følgjer psykiatri (710 erstatningskrav) og tannbehandling (682 erstatningskrav).

Ei nesten dobling av talet på personar som ber om erstatning etter å ha fått sprøyta med vaksine har samanheng med at nesten alle i Noreg har teke koronavaksine og at nokre har fått kraftige biverknader. 

Dei vanlegaste biverknadene som førte til erstatning frå NPE i 2022

  • Betennelse på hjarteposen
  • Hudutslett
  • Blodpropp
  • Menstruasjonsforstyrringar

Plager med menstruasjonsforstyrringar fekk spesielt mykje merksemd på slutten av fjoråret. Det førte til ein straum av erstatningskrav til Norsk pasientskadeerstatning. Kvinner har fortalt om kraftige menstruasjonsblødingar som varte i opptil eitt år.

Auken i erstatningskrav etter koronavaksinering bidrog til at NPE nådde ein ny topp i talet erstatningskrav totalt i 2022: I alt søkte 7069 personar om erstatning, og det var 529 fleire enn året før (opp åtte prosent).

Ventetida frå du søkjer til erstatninga blir utbetalt held fram å gå ned, frå i overkant av 23 månader i 2018, til i underkant av 14 månader i 2022.

 – Pasientar som blir ramma av feil gjort i helsetenestene fortel at det er ei ekstra bør å måtte vente lenge på svar frå oss i tillegg. Eg er glad for at vi får ned saksbehandlingstida, men vi er på langt nær i mål, seier Gulaker.

Medhald og avslag

Kvart år får rundt ein tredel av erstatningssøkjarane ja og to tredelar får nei frå NPE. Dei fleste får avslag fordi det ikkje er sannsynleg at dei skadane eller plagene dei har skuldast feilbehandling. Hovudkriteriet for å få erstatning er at pasientskaden skuldast feilbehandling.

Mange som har søkt om erstatning for plager dei har kjent på etter å ha teke koronavaksine har fått nei. Så langt har 95 fått medhald og 283 fått avslag.

- Vi må skuffe mange som krev erstatning fordi biverknadene har vore for kortvarige, dei har ikkje tapt noko økonomisk på det eller at plagene ikke skuldast vaksinen dei tok, seier Anne-Mette Gulaker i NPE.

Kontakt:

I år er det 35 år sidan pasientskadeordninga blei innført: Den unike norske pasientskadeordninga fyller 35 år.