Rekordmange med psykiske lidingar søkjer erstatning. For mange endar det med avslag.

I 2018 behandla Norsk pasientskadeerstatning 239 slike søknader. I fjor var talet oppe i 371. Det vil seie ein søknad kvar dag frå menneske med mellom anna ADHD, depresjon eller andre psykiske lidingar.

Skriv ut Bokmål | English | 30. oktober 2023

Mange får avslag på søknaden.

- Eg forstår at menneske som meiner at dei har vorte feilbehandla i psykisk helsevern reagerer på at vi seier nei. Vi må vere opne om kvifor menneske som har det vondt likevel ikkje fyller kriteria for erstatning.

Det seier Kristin Cordt-Hansen, direktør i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Mange avslag

Om lag seks av sju av erstatningssøkjarane med psykiske lidingar får avslag på kravet sitt. No ynskjer NPE å gje betre informasjon om erstatningsordninga, slik at fleire blir klar over kva som skal til for å nå fram.

- Sjekk fyrst på nettsidene våre om du kan ha rett til erstatning etter svikt i helsetenesta. Då kan du unngå vonbrotet seinare dersom det endar med nei frå oss, tilrår Cordt-Hansen.

Mange unge med psykiske lidingar ynskjer erstatning fordi dei meiner dei anten fekk sein eller feil diagnose, eller at oppfølginga av dei var for dårleg. Gjennomsnittsalderen på skadetidspunktet har dei siste fem åra gått ned frå 33 til 28 år. Det er særleg mange fleire unge med ADHD enn før som søkjer, og som trekkjer snittalderen nedover.

- Ei tilleggspåkjenning

Mental Helse Ungdom jobbar for at alle barn og unge i Noreg skal ha ei best mogleg psykisk helse. Generalsekretær Adrian Lorentsson peikar på at psykiske helseplager har vorte eit stort samfunnsproblem som ikkje minst rammar barn og unge.

- Eit nei frå NPE kan vere ei tilleggspåkjenning for mange som er i ein sårbar situasjon. Diverre er det ikkje alle feil i helsevesenet som utløyser rett til erstatning, så det kan vere lurt å undersøkje kva ein kan få erstatning for før ein søkjer, seier Lorentsson i Mental Helse Ungdom.

Kva som skal til

For at du skal få erstatning, må fleire føresetnader vere oppfylte:

  • Du må ha fått ein skade av behandlinga
  • Skaden må skuldast svikt i behandlinga
  • Skaden må ha ført til økonomisk tap
  • Skaden må ikkje vere for gamal

Meir informasjonKva skal til for å få erstatning for ein pasientskade?

NPE-direktøren understrekar at alle som meiner dei har vorte feilbehandla kan søkje erstatning, men at det er nyttig å setje seg inn i vilkåra før ein sender søknaden.

- Alle skal være trygge på at dei får erstatning dersom dei har krav på det, seier Kristin Cordt-Hansen.

Tala

  • Talet erstatningskrav innan psykisk helse har på fem år auka med 76 prosent (frå 400 i 2018 til 700 i 2022).
  • Talet erstatningssaker som er ferdigbehandla har på fem år auka med 55 prosent (frå 239 i 2018 til 371 i 2022).

Statistikk over dei tre vanlegaste diagnosane innan psykisk helsevern 2018-2022 (pdf)

Kontakt oss

Pressekontakt i NPE