Berre éin av ti med ADHD får medhald

354 av 409 personar fekk nei på krav om erstatning for forseinka diagnose eller feil behandling av ADHD dei siste fem åra. Ei ny oversikt frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) viser at det er behov for meir informasjon om kva som skal til for å få erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 5. juni 2023

- Reaksjonen vi får er ofte sinne og skuffelse. Det er viktig med openheit om kvifor vi seier nei til menneske med openbert svekt livskvalitet, fordi rett diagnose og behandling kom seint i livet, seier Kristin Cordt-Hansen, direktør i NPE.

Det har vore ein auke på heile 156 prosent i talet på erstatningssaker der ADHD er tema: Frå 52 personar i 2018 til 133 søkjarar i 2022. Det er altså meir enn ei dobling.

Statistikk: ADHD – søkjarar, medhald og avslag 2018–2022 (pdf)

Mann i 20-åra fekk avslag

Ein av dei 354 erstatningssøkjarane som har fått avslag blei diagnostisert med ADHD midt i tjueåra. Diagnosen burde vore stilt då han var barn, meinte han. Likevel har NPE avslege søknaden om erstatning for forseinka utdanning og tapt arbeidsinntekt. Det er fordi behandlinga han og mange andre fekk som barn var i tråd med god medisinsk praksis på det tidspunktet.

I fleire andre saker burde diagnosen ha blitt stilt tidlegare, men fordi mange då var i skulealder føreligg det sjeldan eit dokumentert økonomisk tap, noko som er eit vilkår for å bli tildelt erstatning.

– Må få vite kva dei har krav på

NPE har teke kontakt med organisasjonen ADHD Norge, som har 15.000 medlemmar, for å gje betre informasjon om erstatningsordninga.

- Mange er frustrerte og opplever avslag på søknaden om erstatning som urettferdig. Livet kunne vore annleis med hjelp langt tidlegare. Det er viktig at personar med ADHD veit kva dei har og ikkje har krav på, seier fagsjef Nina Holmen i ADHD Norge.

Meir informasjon

Oversikta frå NPE viser altså både ein kraftig auke i krav frå menneske med ADHD og at nesten ni av ti av dei har fått avslag.

- Tilbakemeldingar frå avviste erstatningssøkjarar gjer sterkt inntrykk på meg. Ei viktig oppgåve framover blir å auke innsatsen for å formidle informasjon om kva som skal til for å få erstatning, seier Kristin Cordt-Hansen, direktør i Norsk pasientskadeerstatning.

Les meir:

Her er informasjon til deg som vurderer å søkje om erstatning i samband med ADHD.

For at du skal få erstatning for ein pasientskade, må tre vilkår vere oppfylte.

Pressekontakt NPE

Rettsvederlag

Om du ikkje har rett til erstatning frå NPE, kan det vere ei anna moglegheit. Rettferdsvederlag er ei moglegheit til erstatning frå staten, i tilfelle der valdserstatning og andre erstatningsordningar ikkje er dekkjande. For mange er dette ei oppreising for overgrep, ein tapt barndom eller tapt skulegang. Du kan òg søkje på grunnlag av hendingar som har skjedd i vaksen alder.

Du finn informasjon på sivilrett.no (ekstern lenke)