Adresser

Skriv ut Bokmål | English | 3. februar 2021

Besøksadresse

Middelthuns gate 29, 0368 Oslo.

Kart og veibeskrivelse

Postadresse

Norsk pasientskadeerstatning, Postboks 232 Skøyen, 0213 Oslo

Fakturaadresse

Norsk pasientskadeerstatning
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746 Torgarden
7468 Trondheim

Organisasjonsnummer 984 936 923

eFormidling

Vi brukar den nasjonale fellesløysinga eFormidling for å sende ut dokument. Dette er ei sikker digital løysing frå Digitaliseringsdirektoratet.

Inntil vidare brukar vi ikkje løysinga for kommunikasjon med fastlegar.

Private verksemder får dokument frå oss i Altinn. Vi sender dokumenta som teiepliktig post, difor må nokon i verksemda ha tilgang til å opne innboksen i Altinn for teiepliktig post. Mottakaren må sjølv sørgje for rette tilgangar i Altinn, og sørgjer for at berre dei som har tenestleg behov har tilgang til å opne og fordele teiepliktig post.

Offentlege verksemder som brukar eFormidling, tek imot dokumenta direkte i saks- og arkivsystemet sitt.

Kommunar og kommunale undereiningar som har KS FIKS får dokumenta i SvarInn-innboksen sin.

Meir om roller og rettar hjå Altinn.

Filavgrensingar for eFormidling

Private verksemder kan sende inntil 40 MB per sending. Offentlege verksemder kan sende inntil 75 MB. Om du har eit dokument som er større enn dette, må du dele det opp i fleire sendingar.

Sikker digital post

Du kan sende og ta imot digitale brev til oss gjennom Digipost eller e-Boks.

Har du ei sak hjå oss, tilrår vi at du brukar Mi side. På Mi side kan du følgje saka di og sende dokumentasjon og kommentere saka etter kvart. Der vil du òg kunne sjå kva du har sendt inn og enkelt få ei oversikt over alle dokumenta i saka di.

Har du digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks, vil du få breva frå oss der. Du kan òg bruke Mi side sjølv om du har digital postkasse.

Å sende brev til NPE i den digitale postkassen

Vil du skrive til oss i den digitale postkassen, finn du oss ved å taste inn "Norsk pasientskadeerstatning" i mottakarfeltet, når du opprettar nytt brev. NB! Du må ikkje bruke namnet til saksbehandlaren. Då vil brevet gå til ei privat postkasse.

Om du ikkje har ei sak hjå oss, kan du sende ein generell førespurnad på digital post. Hugs i så fall å oppgje ei e-postadresse eller telefonnummer, slik at vi kan kontakte deg tilbake med svar. Vi kan diverre ikkje svare på førespurnader i sikker digital post om du ikkje har ei sak hjå oss.

Brukarar av e-Boks må registrere NPE som mottakar

Er du brukar av e-Boks må du vere merksam på at du må registrere NPE som godkjend avsendar i den digitale postkassen din, for å kunne ta imot brev frå oss. Dette gjer du via «Registrer avsendar» funksjonen under "oversikta di" i e-Boks. 

Verksemder kan ikkje ta imot post frå oss i digital postkasse (Digipost eller e-Boks)

Vi kan likevel ta imot post i digital postkasse frå verksemder som advokatar, pasient- og brukarombod, Norsk pasientforening og behandlingsstader.

 

Meir om digital postkasse og opprett brukar