Risikoklasser for tannlegar
I forskrifta er helsepersonell inndelt i ulike risikoklasser. Tannlegane er delt inn i to ulike klasser, avhengig av risiko. Her kan du lese meir om inndelinga.
Alle tannlegar som driv med implantat høyrer til i risikoklasse 6a, uavhengig av om dei har ei spesialisering eller om dei er allmenntannlegar. Det same gjer tannlegespesialist innan oral kirurgi og oral medisin, og tannlegespesialist innan oral protetikk.
Allmenntannlegar og andre tannlegespesialistar høyrer til i klasse 5.
Helsepersonell som har fleire spesialistgodkjenningar, og som er usikre på om dei er registrerte i rett risikoklasse, må kontakta oss. Det er berre NPE som kan registrera endringar av risikoklasse. Dette kan til dømes gjelda tannlegar som også har spesialistgodkjenning som lege.
Med formuleringa «driv med implantat» meiner vi:
Alle tannlegar som utfører implantatkirurgisk og/eller implantatprotetisk behandling. Dette omfattar òg skifte av delar og/eller endring av opphaveleg konstruksjon i samband med nødvendig vedlikehald og reparasjonar.
Anna vedlikehald eller reparasjonar, som til dømes å plassere mista kvit fylling over skruehol på nytt, periimplantittbehandling og tilstramming av laus festeskrue, er ikkje å rekne som å «drive med implantat».
Nytt i 2024
I den nye registreringa så er det helsepersonellnummeret ditt som avgjer kva risikoklasse du hamnar i, og systemet hentar dette automatisk. For år 2024 gjeld følgande; Viss du driv med implantat og ikkje er tannlegespesialist vil du hamne i risikoklasse 5 – og du vil framleis vere dekt om du gjer implantat. Er du tannlegespesialist så vil du hamne i risikoklasse 6a.
Frå 2025 så vil tannlegar vere i same risikoklasse og betale det same.
Risikoklasse 6a
Tannlegespesialist innan oral kirurgi/medisin og protetikk, og tannlegar som driv med implantat skal registrerast i risikoklasse 6a. I denne risikoklassen registrerer vi:
- Tannlegar som jobbar med implantat
- Spesialist i oral kirurgi og oral medisin
- Spesialist i oral protetikk
Risikoklasse 5
Andre tannlegar (inkludert andre spesialistar) skal registrerast i risikoklasse 5. I denne risikoklassen registrerer vi:
- Spesialist i endodonti (rotbehandling)
- Spesialist i kjeve- og ansiktsradiologi
- Spesialist i kjeveortopedi (tannregulering)
- Spesialist i periodonti (tannkjøtsjukdomar)
- Spesialist i pedodonti (barnetannpleie)